Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm tek til motmæle mot arbeidsgivarorganisasjonanes påstand om at regjeringas tiltakspakke for vikarbransjen er i strid med EØS-avtalen.
Ho avviser også at regjeringa berre lyttar til LO, og at dei dermed trugar trepartsamarbeidet i arbeidslivet, slik Inger Lise Blyverket i Virke hevda i Nationen onsdag.
— Eg føler meg på trygg grunn rettsleg sett, seier Bjurstrøm om regjeringas tiltakspakke for vikarbransjen.
Dei tre store arbeidsgivarorganisasjonane gjekk i samband med høyringsrunden saman om ei juridisk vurdering av regjeringas tiltakspakke. Deira advokat kom fram til at tiltakspakka både var i strid med EØS-avtalen og med den europeiske menneskerettskonvensjonen.
ESA er einige
Sist veke sa avdelingsdirektøren i utanriksdepartementet si rettsavdeling til NTB at utanriksdepartementet framleis ikkje har vurdert den omstridde tiltakspakka juridisk. Arbeidsministeren er likevel sikker i si sak.
— ESA har tidlegare sagt at dei godtek soildaransvar. Innsynsrett er ikkje eit uvanleg verkemiddel, seier Bjurstrøm.
Arbeidsgivarorganisasjonane har vore spesielt kritisk til akkurat desse to punkta i tiltakspakka.
Politisk mandat
Bjurstrøm reagerer på at Virke hevdar at regjeringa alltid følgjer LO, og på Civita-leiar Kristin Clemets påstand om at trepartsamarbeidet i arbeidslivet no er meir som eit topartsamarbeid, fordi regjeringa ikkje lyttar til arbeidsgivarsida.
— Det er litt spesielt å komme med den kritikken no, når vi får så busta fyk av LO fordi vi er ueinige med dei om EUs vikarbyrådirektiv, seier Bjurstrøm.
Ho seier at ho som arbeidsminister opplever å ha god dialog med både arbeidsgivarsida og med fagrørsla.
— Trepartsamarbeidet byggjer på at det er tre likeverdige aktørar — arbeidsgivarsida, arbeidstakarsida og staten — og at dei tre kan snakke godt saman. Det kan vi, men vi er ikkje alltid einige, seier Bjurstrøm.
Inga ideell verd
Bjurstrøm seier at tiltakspakka for vikarbransjen har kome til på grunn av uro over visse trekk i arbeidsmarknaden. Ho viser til omfattande vikarbruk, særleg på byggjeplassar, alvorlege arbeidsulukker og rapportar om underbetaling.
— Virke har rett i at vi i ei ideell verd ikkje burde trengt desse tiltaka. Men viss ein ser på det arbeidslivet vi har i dag, så er det langt unna ideelt, seier Bjurstrøm.
Difor vil arbeidsministeren ta tak i situasjonen.
— Eg ønskjer ein dialog om korleis vi kan rydde opp i norsk arbeidsliv, seier Bjurstrøm.












