Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Alle daglegvarebutikkar er automatisk med i NM i frukt og grønt.  Foto: Colourbox

Alle daglegvarebutikkar er automatisk med i NM i frukt og grønt. Foto: Colourbox

Her er dei beste frukt- og grøntavdelingane i landet

Butikkane Eurospar Blomsterdalen, Coop Obs! Haugesund, Coop Prix Torsby og ICA Nær Slemdal vann kvar sin klasse i NM i frukt og grønt 2011.

Publisert: 09.02.2012 21:56

Best av alle for andre året på rad var Eurospar Blomsterdalen i Bergen. Bakgrunnen for NM i frukt og grønt er ønsket om å motivere forbrukarar til å ete meir frukt og grønt ved at dei får inspirasjon når dei handlar i butikken.

 

— Undersøkingar viser at forbrukarane ønskjer å ete sunnare, men dei vert ikkje freista til å ta nok frukt og grønt opp i handlekorga. Det bør vere ein tankevekkar for handelen, seier direktør Guttorm Rebnes i Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).

 

Bli med på Nationens fotokonkurranse: Knips rotgrønnsaker og vinn matnyttig premie

 

OFG har for femte året på rad arrangert NM i frukt og grønt i samarbeid med bransjebladet Dagligvarehandelen og analyseselskapet Nielsen.

 

Alle daglegvarebutikkar er automatisk med i NM i frukt og grønt. Det blir kvart år valt ut finalistar i dei fire butikkategoriane breisortiment, hypermarknad, lågpris og nærbutikk ut frå høgste salsdel for frukt og grønt i forhold til totalomsetnaden i butikken.

 

Deretter blir butikkane nøye sjekka og vurdert av analyseselskapet Nielsen etter kriterium som avsett plass, kvalitet, utseldgrad og seljande miljøfaktorar. Direktør Guttorm Rebnes er tilfreds med at dei beste butikkane på frukt og grønt no er spreidde over store delar av landet.

 

I finaleheatet denne gongen var det vinnarkandidatar frå Vennesla i sør til Pasvik i nord, og nivået var svært høgt.

 

— Det er enkeltpersoner som jobbar i frukt- og grøntavdelingane rundt omkring som dagleg gjer jobben med å freiste forbrukarane til å kjøpe meir frukt og grønt, og vi ønskjer å motivere for at dei framleis skal gjere ein god innsats. Vinnarane kan bli gode ambassadørar som igjen inspirerer dei andre butikkane i kjedene sine, seier direktør Guttorm Rebnes. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT