Lørdag 26.05.2012 UKE 21
Laster
Klemet Mostad (54) i Østfold er ein av kyllingprodusentane som har fått krav om utbetringar etter inspeksjonen til Mattilsynet. Alle foto: Mariann Tvete
Klemet Mostad (54) i Østfold er ein av kyllingprodusentane som har fått krav om utbetringar etter inspeksjonen til Mattilsynet. Alle foto: Mariann Tvete

Kyllingbøndene forklarer dårleg dyrevelferd med svak økonomi

Tillitsvalde i kyllingbransjen trur pressa økonomi, prisskvis og stor vikarbruk kan forklare mange av regelbrota i bransjen.

Fakta
Kyllingoppdrett

Rundt 600 kyllingbønder vil i år truleg produsere over 76.000 tonn kyllingkjøtt.

 

Kyllingproduksjonen er meir enn dobla dei ti siste åra, og produksjonsveksten er i år venta å bli på 4 %.

 

Kyllingproduksjonen er den mest marknadsstyrte av husdyrproduksjonane i landbruket. Målprisen blei fjerna i 2007, og produksjonen skjer nær utan tilskot.

 

Den inflasjons­justerte produsentprisen for kylling er meir enn halvert frå 1990 og fram til i dag.

 

Ein rapport frå Mattilsynet viste alvorlege avvik frå regelverket hos 102 av 152 undersøkte produsentar trekt ut frå «høgrisikogruppa», og avvik på 4 av 5 slakteri.  Sjekk ut heile tilsynsrapporten

Klemet Mostad (54) i Østfold er ein av kyllingprodusentane som har fått krav om utbetringar etter inspeksjonen til Mattilsynet.

 

Han seier bøndene ufortent blir skulda for dårleg dyre­velferd, og at prispress og dårleg økonomi er hovudårsaka til at forholda ikkje er betre.

 

— Samfunnets konstante jag etter billig mat er årsaka, og bransjen klarer ikkje levere betre velferd enn det rammevilkåra tillet. Prisane er så låge at produksjonen balanserer på ein knivsegg, og for å klare å dekkje veksten blir nye bønder lokka til å investere fem millionar i nybygg på urealistisk gode kalkylar, seier Mostad.

 

— Konsekvens av billig mat

Etter 25 år som kyllingprodusent fekk han sjølv påpakk frå Mattilsynet på for kort mørklagt periode og feil avlivingsmetode.

 

Han lovar endring slik at boka blir følgt, men han stiller seg tvilande til at dyrevelferden blir betre.

 

Les også: Nortura: - Kyllingprodusentene må ta ansvar for uakseptable forhold

 

— Dei fleste premissane for dyrevelferden er utanfor den enkelte bondes kontroll. Då blir det feil å leggje alt ansvar og risiko på bonden, seier Mostad.

 

Leiar David Koht-Norbye i Norsk Fjørfelag er einig, sjølv om han seier skvisa økonomi ikkje fritek næringa frå ansvar for dyra.

 

Les også: Fjørfelaget lovar utbedring

 

Koht-Norbye seier dårleg dyrevelferd ikkje skal førekome, men han kritiserer også Mattilsynet.

 

 Sjekk ut heile tilsynsrapporten til Mattilsynet

 

— Mattilsynet skil for lite mellom alvorlege brot og mindre alvorlege avvik. Det må òg vere rom for å bruke praktisk skjønn, samtidig er eg svært forundra over at det er funne alvorlege feil på slakteria. Det burde Mattilsynet avdekt for lenge sidan. Dei har folk på slakteria kvar dag, seier han.

 

Vil ikkje spekulere

Direktør Ole Fjetland i Mattilsynet avviser at dei ikkje skil på alvorsgrad. Han vil ikkje spekulere i årsak til brota, og seier òg at om Mattilsynet burde ha avdekt feil før, så tek dei sjølvkritikk på det.


Les meir om kva  Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning meiner om saka i Nationens eavis fredag 10. februar.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT