Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Uroa: Leiar i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund, Jan-Egil Pedersen, seier kjedene vil få ytterlegare makt når Coca Cola overlet distribusjon til kjedene. Foto. NNN

Uroa: Leiar i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund, Jan-Egil Pedersen, seier kjedene vil få ytterlegare makt når Coca Cola overlet distribusjon til kjedene. Foto. NNN

Coca Cola overlet distribusjon til daglegvarekjedene

Vil føre til ytterlegare maktforskyving frå leverandørar til kjedene, seier NNN.

Publisert: 09.02.2012 18:04

Coca Cola overlet distribusjonen av varene sine til daglegvarekjedene, og går også over til å bruke eingongsflasker i staden for gjenbruksflasker, skriv Aftenposten.

 

Dette vil føre til at mellom 400 og 500 mistar arbeidsplassen sin i Noreg. Til Aftenposten seier kommunikasjonsdirektør i Coca Cola Norge at selskapet gjer det med blanda kjensler, og at Coca Cola er oppteken av å hjelpe kvar enkelt med å finne nye jobbar.

 

Nederlag for miljøet

- At Coca Cola går over til eingongsemballasje fører ikkje berer til at mange arbeidsplassar går tapt, men det er også eit stort nederlag for miljøet, seier leiar i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), Jan-Egil Pedersen, i ei pressemelding.

 

Han er særs skuffa over avgjersla som kjem frå Coca Cola sitt hovudkontor i Atlanta i USA.

 

- Uforståeleg avgjersle frå Coca Cola

- At Coca Cola gjev frå seg distribusjon til Norgesgruppen er ei særs kortsiktig og uforståeleg avgjersle, og noko Matkjedeutvalet åtvara mot i rapporten som kom i fjor, seier Pedersen.

 

Han seier det syner den kyniske maktkampen som går føre seg mellom produsentane og daglegvarekjedene.

- Produsentane blir tvunge til å overlate meir og meir av verdikjeda til daglegvarekjedene. Arbeidsplassar og miljø tyder lite i den gedigne maktkampen som no pågår, seier Pedersen.

 

NNN seier Norgesgruppen har tvunge gjennom kontroll over distribusjonen, og oppmodar handelshuset til saman med Coca Cola ta ansvaret for dei 500 tilsette som vil stå utan jobb.

 

- Om daglegvarekjedene får halde fram med sine raid mot produsentane vil dette på sikt gjera norsk mat og drikkevarer dyrare, seier Pedersen.

 

Les også: NNN og daglegvarekjedene knivar om kontroll over distribusjon

Les også: Tine byggjer opp eiga distribusjonsverksemd

Les også: Ingen miljøeffekt ved å overlate distribusjon til kjedene

 

- Heile daglegvarebransjen pressar på, ikkje berre Norgesgruppen. Dei har uttala dette offentleg at dei ynskjer kontroll over distribusjonen. I Matkjederapporten blir det tilrådd i ikkje flytte meir makt frå leverandørar til kjedene, seier Pedersen til nationen.no.

 

- Kva er fordelen ved at leverandørane held på distribusjonen sjølv?

 

- Det er strategisk viktig for leverandørane. Gjennom eigendistribusjon unngår leverandørane å bli fullstendig avhengige av kjedene sitt system. NNN meiner også at kjededistribusjon er fordyrande for forbrukarane, seier Pedersen.

 

Norgesgruppen avviser tvang

- Å hevde at Norgesgruppen har tvunge Coca Cola til dette er ein særs drøy påstand frå NNN. Påstandane er utan rot i verkelegheita, og me er særs skuffa over at dei freistar å sverte oss på denne måten, seier konserndirektør i Norgesgruppen, Per Roskifte.

 

Han seier Coca Cola har teke avgjersla heilt på eiga hand, og at det er urealistisk å tru at Norgesgruppen kan presse leiinga i Coca Cola til noko som helst.

 

- Avgjersla Coca Cola har teke er eit godt døme på sterk leverandørmakt. Selskapet har fatta si avgjersle ut frå kva som tener interessene deira. At dette samstundes tek vare på samfunnet sine interesser, ikkje minst knytt til miljø, innovasjon og ein meir effektiv distribusjon meiner me må sjåast på som positivt, seier Roskifte.

 

Samla handel vil ha attvinningsemballasje

Han seier ein samla norsk daglegvarehandel har ynskt attvinningsemballasje velkomen, og at bransjen i lang tid har argumentert for at attvinning er ei god løysing, ikkje minst av miljømessige årsaker.

 

- Me registrerer at også Mack Bryggerier i Tromsø legg om produksjonen, og går over til attvinnbar emballasje. Mack sjølv seier det vil redusere utsleppa av CO2 monaleg, seier Roskifte.

 

I ettermiddag vart det også klart at den nordnorske ølprodusenten Mack går over til eingongsemballasje, og reknar med at CO2-avgiftene dermed blir kutta med minimum ein tredel samanlikna med dagens flasker.


Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT