Den tredje og siste filmen om Knerten kom i fjor høst.. Her nærbilde av Knerten. Foto: Scanpix

Den tredje og siste filmen om Knerten kom i fjor høst.. Her nærbilde av Knerten. Foto: Scanpix

Knerten blir park

Knerten-universet blir opplevingspark for heile familien i Lyngdal i Vest-Agder.

Publisert: 09.02.2012 22:08

Temaparken skal stå klar i 2014 og vere på 40 mål.

 

Bak står skaparane av «Knerten»-filmane, familien Vestly og eigarane av Rosfjord Strandhotell. Om den komande parken heiter det at det blir ein heilskapleg kvalitetsattraksjon for barn, så vel som vaksne.

 

— Sørlandet har jo sterke tradisjonar for gode familieattraksjonar, seier Jo Vestly, ein av sønene til Knerten-skaparen Anne-Cath. Vestly.

 

I ei pressemelding seier han det blir spennande å følgje prosjektet. Anne-Cath. Vestly gav ut første bok ut om trepinnen og bestevennen hans, «Lillebror og Knerten», i 1962.

 

Sidan kom fem bøker til og to samlingar. I 2009 vart «Knerten» for første gong å sjå på filmlerretet, følgt av «Knerten gifter seg» (2010) og «Knerten i knipe» (2011). Til saman er filmane sett av over 1,1 millionar norske kinogjengarar, og selt til 30 land. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER