Arbeidsgivarorganisasjonen Virke meiner regjeringas tiltakspakke for vikarbransjen set trepartisamarbeidet i arbeidslivet i fare.
Ho hevdar at regjeringas tiltakspakke er bygd over LO sin lest, og fortel at ingen av forslaga i pakken var drøfta med arbeidsgivarsida på førehand.
— Regjeringas framferd i denne saka gjer at arbeidsgivarsida mistar trua på trepartisamarbeidet, seier Blyverket.
- I strid med EØS
Sist veke la Virke, NHO og Spekter fram ei felles juridisk vurdering av regjeringas tiltakspakke for vikarbransjen. Vurderinga var gjort av advokatfirmaet Wiersholm på oppdrag for dei tre arbeidsgivarorganisasjonane.
I denne vurderinga vart det hevda at fleire av forslaga i tiltakspakka anten var i strid med EØS-avtalen eller med den europeiske menneskerettskonvensjonen.
— Alle organisasjonane har sjølv gode arbeidsrettsjuristar, så når vi fekk gjort ei ekstern juridisk vurdering, seier vel det sitt om at vi føler at vi må rope høgt for å bli høyrd om dagen. Det er symptom på eit dårleg fungerande trepartisamarbeid.
Les også: Liv Signe Navarsete vil ha Sp-veto mot vikarbyrådirektivet
Blyverket seier at regjeringas kurs skaper lite entusiasme for trepartisamarbeidet.
— Vi blir lite konstruktive når vi ser at LO har ein brei motorveg inn til regjeringa, medan vi ikkje blir høyrd, seier Blyverket.
LO først
Kristin Clemet i tenketanken Civita er einig i at trepartsamarbeidet har tronge kår for tida.
— Trepartisamarbeidet ber for tida meir preg av å vere eit topartsamarbeid, det er ingen balanse, seier Clemet.
Les også: LO krev veto mot vikarbyrådirektivet
Civita-leiaren seier at ho sit med ei kjensle av at regjeringa generelt lyttar meir til LO enn til arbeidsgivarsida.
— Venstresida skuldar ofte arbeidsgivarsida for å sette trepartisamarbeidet i fare viss dei er usamde med LO. Men det verkelege trugsmålet mot trepartisamarbeidet er ubalanserte løysingar der regjeringa berre lyttar til arbeidstakarsida, seier Clemet.
Utspelet frå Virke får ikkje umiddelbar støtte hos NHO og arbeidsgjevarforeininga Spekter avviser utsegnene frå Blyverket og Virke. Les meir om det i eavisa til Nationen for onsdag 8. februar.












