Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Dagens røysting blir tredje gong etter 1994 at Stortinget røyster over spelereglane for neste EU-kamp.

Foto: Scanpix

Dagens røysting blir tredje gong etter 1994 at Stortinget røyster over spelereglane for neste EU-kamp. Foto: Scanpix

Stortinget røyster over spelereglane for EU-kampen

I dag røyster Stortinget over eit forslag om å endre Grunnlova slik at det krevst færre røyster i Stortinget for å gje opp nasjonal suverenitet.

Publisert: 07.02.2012 09:57

Forslaget er levert inn av tidlegare leiar for Europabevegelsen Svein Roald Hansen, som også er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Marianne Aasen, som også representerer Arbeidarpartiet på Stortinget, og dei to Høgre-representantane Per Kristian Foss og Inge Lønning.

 

To tredelar

Forslaget går ut på å endre Grunnlovas § 93 slik at Stortinget skal kunne gje opp nasjonal suverenitet med to tredjedels fleirtal viss det på førehand er heldt ei rådgjevande folkerøysting.

 

I dag slår Grunnlova fast at det trengst tre fjerdels fleirtal i slike spørsmål. Forslaget frå dei fire representantane har fått støtte i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

 

Spelereglane

Under EU-kampen i 1994 fekk grunnlovsparagraf 93 mykje merksemd fordi fleire av dei mest aktive EU-motstandarane på Stortinget sa at dei kom til å røyste nei til å melde Noreg inn i EU uansett kva som vart resultatet av folkerøystinga.

 

Dagens røysting blir tredje gong etter 1994 at Stortinget røyster over spelereglane for neste EU-kamp.

 

Valløfter

Ei kartleggjing Nei til EU har gjort, tyder på at forslaget vil bli røysta ned også denne gongen. Det trengst 57 stemmer for å hindre endringsforslaget i å bli vedteke.

 

Ved Stortingsvalet i 2009 spurde organisasjonen alle kandidatane om deira syn på grunnlovsforslaget. Den gongen lova 64 av representantane å stemme imot. I ei pressemelding seier organisasjonen at det ser ut til at iallfall 60 representantar vil stå ved løfta sine frå 2009.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT