Lørdag 26.05.2012 UKE 21
Laster
Professor Hugh Riley (t.v.) i Bioforsk og karbonforskar David S. Powlson (t.h.) frå Rothamsted Research var på Bioforskkonferansen tysdag einige om at redusert jordbearbeiding ikkje aukar karbonbindinga i matjord. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Professor Hugh Riley (t.v.) i Bioforsk og karbonforskar David S. Powlson (t.h.) frå Rothamsted Research var på Bioforskkonferansen tysdag einige om at redusert jordbearbeiding ikkje aukar karbonbindinga i matjord. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Forskarar: - Mindre pløying er ikkje til hjelp for klimaet

Redusert jordbearbeiding har feilaktig blitt framstilt som eit klimatiltak, seier forskarar.

Publisert: 07.02.2012 18:33
Kart

På landets største konferanse for landbruksforskarar, Bioforskkonferansen, var klimavenleg matproduksjon og tiltak for å redusere klimautsleppa frå jordbruket eitt av fleire sentrale tema blant dei 500 deltakarane.

 

Avviser pløyestopp som klimatiltak

Tidlegare er redusert jordbearbeiding, deriblant mindre pløying, trekt fram som eit godt klimatiltak av forskarar.

 

Det avviser derimot både karbonforskar David S. Powlson frå Rothamsted Research i Storbritannia og professor Hugh Riley i Bioforsk.

 

- Gir ikkje auka lagring av klimagassar

—Redusert jordbearbeiding hjelper ikkje klimaet. Tidlegare trudde ein det, truleg fordi karboninnhaldet i det øvste jordlaget aukar når jorda ikkje blir snudd. Nye undersøkingar viser derimot at karbonet berre flytter seg mellom ulike jordlag, og at den totale lagringseffekten ikkje blir endra som følgje av redusert jordbearbeiding, seier Powlson.


Han seier derfor at det ikkje er grunn til å stimulere til redusert jordbearbeiding ut frå klimaomsyn.

 

- Ingen klimaeffekt

Powlson får støtte frå professor Hugh Riley i Bioforsk.

 

—Redusert jordbearbeiding flytter berre karbonet lenger opp i jorda, og samla blir det ingen endring i karbonbindinga. Redusert jordbearbeiding kan vere ein fordelar mot erosjon, men det har ingen klimaeffekt, seier Riley.

 

Grøfting kan gi reduserte utslepp

Av tiltak som kan gi reduserte utslepp av klimagassar frå dyrking av mat kan vere grøfting og drenering av jordbruksjord, kom det fram av undersøkingar lagt fram av forskar Sissel Hansen i Bioforsk.

 

—Undersøkinga viser at det kan bli store lystgassutslepp når jorda er blaut, men her trengst det meir forsking, seier Hansen.

 

- Lovande resultat for biokull

Adam O`Toole i Bioforsk trekte på si side fram nedgraving av biokull i jorda som ein måte å auke karbonlagringa.

 

Han sa at resultata så langt er lovande, men at det trengst meir forsking.

 

- Betre å dyrke skog enn myr
Seniorforskar Arne Grønlund i Bioforsk har rekna ut at det ikkje er nødvendig å nydyrke myr for å kunne auke matproduksjonen i takt med etterspørselen dei neste tjue åra.

 

Han seier dyrking av skog er eit klart betre alternativ både for verdiskapinga samla sett og for klimaet, men dyrking av skog er omtrent dobbelt så dyrt som nydyrking av myr. Det kan i praksis føre til at det er myrarealet som blir oppdyrka.

 

—Dersom det ikkje blir gjort tiltak er det sannsynleg at det er myrområda som blir oppdyrka, fordi det kostar minst for bonden, seier Grønlund, som seier alternativet er å innføre tilskot til skogdyrking eller restriksjonar på myrdyrking.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT