Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Over 800 nye medlemmer i Mållaget

Aldri før har Mållaget opplevd ein så sterk vekst. Dei siste vekene har laget fått 804 nye medlemmer.

Publisert: 06.02.2012 18:21
Leiar i Mållaget, Håvard B. Øvregård. Foto: NPK

Leiar i Mållaget, Håvard B. Øvregård. Foto: NPK

Etter forslaget til Utdanningsdirektoratet om å tona ned sidemålet i norskfaget har Mållaget merka at mange vil slå ring om nynorsken.

 

For ei veke sidan hadde dei fått 400 nye medlemmer, og no er talet dobla.

 

Forslaget har også skapt storm internt i partiet til kunnskapsministeren, SV. Gruppeleiaren i Bergen SV, Oddny Miljeteig, har verva 249 nye medlemmer, fortel Mållaget.

 

— Eg gjekk heilt i kjellaren då denne saka blei kjent — at Utdanningsdirektoratet vil svekkja sidemålsordninga og dermed grunnlaget for den språklege jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, seier ho.

 

Dermed sette ho i gang sin eigen vervekampanje. Innsatsen hennar har resultert i oppslag i både Dagsrevyen og VG.

 

Miljeteig er ikkje den einaste i SV som reagerer på forslaget til Utdanningsdirektoratet og uttalane til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

 

Les også: Norsk Målungdom og Riksmålsforbundet svarte leserne om sidemål

 

I ei meiningsmåling VG har fått utført, svarar 50 prosent av SV-veljarane nei på spørsmål om å fjerna karakteren i nynorsk, 33,3 prosent svarar at dei vil fjerna sidemålskarakteren.

 

Les også: Motstand mot sidemålsreform i SV

 

Utdanningspolitisk talsmann i partiet og medlem av Løvebakken Mållag Aksel Hagen seier til avisa at han vil be sentralstyret i SV om å setja ned ei eiga arbeidsgruppe som skal sjå på korleis norskfaget skal utviklast. (©NPK)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT