Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
- Mange har mykje å læra av måten Lars Monsen møter menneske på, meiner prest Idun Strøm Sefland. Foto: Håvard Jenssen / Mastiff

- Mange har mykje å læra av måten Lars Monsen møter menneske på, meiner prest Idun Strøm Sefland. Foto: Håvard Jenssen / Mastiff

Prest samanliknar Lars Monsen med Jesus

Programleiar Lars Monsen i fjernsynsserien «Ingen grenser» på NRK møter menneske på same måten som Jesus, meiner prest.

Publisert: 06.02.2012 16:31

— Lars Monsen er litt radikal i måten han møter menneske på. Difor minner han meg om Jesus, som også på si tid var radikal, seier prest Idun Strøm Sefland til NRK.no.

 

Ho blei så begeistra etter å ha sett serien at ho skreiv eit brev til Lars Monsen, som ho la ut på nettstaden Nettkirken.no, som Sjømannskirken står bak. Der skriv ho mellom anna at Monsen ser menneske med eit anna blikk enn dei fleste, og at han minner henne om Jesus.

 

— Lars Monsen ser at folk kan. Han ser heile mennesket og tek folk ut av den båsen dei er sett i, seier ho.

 

Les også: Kirkens fyrverkeri ga dyra panikk

 

Presten meiner mange har mykje å læra av måten Monsen møter menneske på.

 

— Eg håpar eg sjølv klarer å bruka litt av dei same metodane i arbeidet mitt og i barneoppsedinga, seier Strøm Sefland, som sjølv er mor til tre friske barn.

 

Les også: Vil ha friluftsliv som valgfag

 

Ho oppmodar foreldre til ikkje å vera «curlingforeldre» som skjermar barn for alle problem. (©NPK)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT