Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Erlend Fuglum vart fredag utnemnt til ny statssekretær for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Foto: Siri Juell Rasmussen

Erlend Fuglum vart fredag utnemnt til ny statssekretær for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Foto: Siri Juell Rasmussen

Erlend Fuglum går frå First House til jobb for Liv Signe Navarsete

Erlend Fuglum har tidlegare fått kritikk for rolleblanding fordi han jobba i kommunikasjonsbransjen samstundes som han var aktiv i politisk arbeid. Fredag vart han utnemnt til ny statssekretær for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Publisert: 04.02.2012 00:02
Fakta
Erlend Fuglum (33)
Frå Grong i Nord-Trøndelag.

Vart rådgjevar i PR-byrået First House i september 2010, mot råda frå presidentskapen på Stortinget.

Tidlegare leiar i Senterungdommen (2004-2007) og generalsekretær i Senterpartiets studieforbund (2008-2010).

4. vara til Stortinget for Nord-Trøndelag Senterparti og har fire dagar offisiell stortingsansiennitet.

Navarsete seier i ein e-post at problemstillingar knytte til overgangen frå PR-bransjen er vurderte.

— Kundeforholda hans er avslutta og forholdet til tidlegare arbeidsgjevar avvikla. Erlend jobbar frå i dag for regjeringa og for meg som kommunalminister. Lojaliteten hans ligg her, seier ho.

Gav innsyn i kundeliste
Fuglum ser heller ikkje noko problematisk med overgangen, og syner til at han sa opp stillinga i First House og avslutta alle relevante kundeforhold med verknad med det same då han tidlegare i veka takka ja til å verte statssekretær.

— Eg har også gjeve departementsleiinga innsyn i lista over dei avslutta kundeforholda, for å unngå situasjonar framover der det kan stillast spørsmål om habilitet, seier han.

Les også: Erlend Fuglum kritiseres for rolleblanding - igjen


Han held fram at han ikkje ser overgangar mellom næringsliv og politikk som problematiske, når dei vert handterte profesjonelt.

— Tvert om er det bra å ha folk i politikken som skjønar næringslivet og omvendt, seier han.

 

- Brennande engasjement

Han seier at han både frå PR-bransjen og tidlegare erfaringar har eit brennande engasjement for kommunikasjon. Då han tok til å engasjere seg politisk for 18 år sidan, var det nettopp som følgje av ein god talar i kombinasjon med temaet lokalt folkestyre.

— At eg no skal jobbe med politisk kommunikasjon frå Kommunal- og regionaldepartementet er fantastisk. Eg får jobbe med det eg brenn mest for, seier Fuglum.

Les også: Ber Sp-varamann droppe lobbyist-jobb

 

Navarsete grunngjev valet av Fuglum med at han har lang fartstid i Sp, mellom anna som leiar i Senterungdommen og som generalsekretær i Senterpartiets studieforbund.

— Han kjenner partiet godt. Erlend er ein dyktig mann, og eg er glad for å ha fått han med på laget mitt, seier Navarsete.

Les meir om saka i eavisa til Nationen for laurdag 4. februar. Ho kan kjøpast her.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT