- Det blei ikkje dyrka verken paprika eller chilipeppar her i landet då vi starta. Dermed er det ikkje tollvern i det heile, og vi må konkurrere mot importen sjølv om vi har eit høgare kostnadsnivå i Norge. Vil styresmaktene auke norsk grønsakproduksjon og stimulere til nyskaping, må dei leggje til rette for det. Tollvernet er for stivbeint i dag og kan dempe viljen til nyskaping. Det bør endrast, seier dagleg leiar Øyvind Hegelstad i Miljøgartneriet.
Vekst for paprika og peppar
Gigantveksthuset i Kviamarka er landets desidert største på over 70.000 kvadratmeter. Sidan produksjonen starta opp i 2010 har arealet med paprika auka frå 18 til 29 mål, og produksjonen er venta å bli 410 tonn snackspaprika i år.
Sjå video om Miljøgartneriet her.
- Det tek tid å byggje opp ein marknad, men vi ser at forbrukarane føretrekkjer norsk paprika, og kvaliteten er god. Etter kvart som vi får opp volumet tilstrekkeleg, håper vi at det også kan gi inntening, seier Hegelstad.
Les også: Svenskene gleder seg over tollfritt salg til Norge
Første heile driftsår gav eit resultat før skatt på nær 20 millionar kroner i minus. Tala for i fjor er ikkje klare, men underskotet er ifølgje Hegelstad redusert. I år budsjetterer dei tre gartnarane bak selskapet med nær å gå i null.
- Vi hadde rekna med tre tøffe år i oppstarten. Marginane er små, men det går rett veg, seier gartnar Kåre Wiig (61), som er hovudeigar i Miljøgartneriet, og som frå før har 50 mål veksthusproduksjon i Klepp og 500 mål frilandsgrønsaker rundt på Jæren.
Gir arbeid til over 100 personar
Miljøgartneriet sysselset rundt 70 personar i høgsesongen, noko som utgjer rundt 50 årsverk gjennom året.
Wiig oppgir at grønsaksproduksjonen han har i Klepp i tillegg sysselset rundt 55 personar.
Les også: Lavkarbo slår ut frukt og grønt
Produksjonen av chilipeppar reknar gartnarane som eit prøveprosjekt, men i andre sesong med chili er det venta ein auke frå 2 til 6 tonn.
Ber staten ta tollgrep
Det er berre i hovudsesongen at norske grønsaksbønder har tollvern, og sjølv då i vekslande grad. Den aukande vinterproduksjonen av tomat må konkurrere utan tollvern, og «nye» grønnsakstypar får ikkje tollvern i det heile.
- Tollsystemet er statisk og blir ikkje endra i takt med marknad og produksjon. Det kan dempe nyskaping og satsingsvilje, og produksjonspotensialet blir ikkje utnytta. Tollsystemet bør bli betre og meir offensivt, seier Hegelstad.
Les også: Lave importpriser uroer grøntprodusentene
Om tollvernet blir styrka og det blir tatt grep på energi, trur Norsk Gartnerforbund på stort vekstpotensial for norske grønsaker og norske gartnarar. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for laurdag 4. februar, som kan kjøpast her.