Han vil ha hjelp frå Stortinget, sidan det er deira tinging av direktivet som skaper store utfordringar.
— Bør utsetje
— Dei bør utsetje innføringa, i alle fall eitt år. Dersom det skal innførast 1. juli må alle krava overfor telekomleverandørane droppast, seier Waterhouse. Ifølgje han tilseier dagens plan med strenge krav frå 1. juli at politikarane med opne auge gjer leverandørane til lovbrytarar.
Onsdag tok samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa imot ein rapport med forslag til fordeling av kostnadene for datalagringa. Ho var då klar på at julifristen skulle overhaldast.
Overfor Nationen presiserte seniorrådgivar Heidi Karlsen at det gjeld regelverket, og at ein må sjå an kva tid bransjen treng på å innrette seg til krava.
Les også: Telekomaktører frykter datalagringsdirektivet vil sinke bredbåndsutbygging i Utkant-Norge
Direktør Bjørn Erik Thon og Datatilsynet har ansvaret for at tryggleikskrav ved datalagringa vert følgd. Konsesjonskrava sendast truleg på høyring denne månaden seier Thon.
Då DLD-debatten raste, argumenterte tilsynet mot direktivet. Nett difor er Datatilsynet ivrige etter å gjere sitt for at direktivet er klart til juli.
— Vi vil ikkje vere eit forseinkande ledd i implementeringa, og få skulda for at det ikkje går til fristen, seier han.
Ifølgje Thon er det mogleg å få på plass direktivet innan 1. juli, men han anerkjenner vanskane telekomleverandørane vil møte. Difor vil ikkje tilsynet føre harde tilsyn det første halvåret, men primært gi råd til leverandørane.
Les også: Motstandere av datalagringsdirektivet vil ta saken til Høyesterett og Strasbourg
Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for fredag 3. februar. Ho kan kjøpast her.












