— Hardanger og Voss museum er svært nøgd med å få Helleve som leiar på Voss folkemuseum og ser fram til samarbeidet med han, seier museumsdirektør Trude Hoflandsdal Letnes ved Hardanger og Voss museum i ei pressemelding.
Eirik Helleve er sjølv frå Voss. Han er utdanna etnolog og arbeidde i mange år som formidlings- og dokumentasjonsleiar ved Aasentunet i Ørsta.
Helleve har også vore dagleg leiar for det nye norske leksikonet Allkunne. Han arbeider for tida som frilansskribent. Før han tek til i stillinga ved Voss folkemuseum til hausten, skal han ut i farspermisjon, fortel avisa Hordaland.
Helleve seier til avisa at han mellom anna ønskjer å gjera Voss folkemuseum meir synleg. Det vil han mellom anna gjera ved å tilby arrangement, gje museet ein meir innhaldsrik nettstad og ved å gjera endringar i utstillingane som har stått lenge. (©NPK)












