Studentane ved Institutt for folkekultur ved Høgskolen i Telemark og produktdesignlinja ved Høgskolen i Oslo/Akershus fekk utfordringa i fjor, og 42 av dei svarte på invitasjonen og meldte seg på husflidskonkurransen.
Diamantsting av stoff
— Dette gir sjølvsagt designarsjølvtillit. Vi sit og ser på produkt kvar einaste dag og lever eigentleg i vår eiga vesle boble. Derfor er det kjekt å få ei stadfesting på det vi gjer, seier Befring til Aftenposten.
Heavy Metal
Eit tjuetal av konkurranseprodukta skal 4.— 26. februar visast fram på Hadeland Glassverk, der også Statoil er med på lasset. Statoil inkluderer no dei tre vinnarprodukta i «Morgendagens helter»-programmet sitt, eit program som kom i stand etter at Statoil fekk seg ein logo som var vel lik Husflidslagets. Det vart det bråk av.
— Men ut av den krangelen har det utvikla seg eit godt samarbeid, seier kompetanseutviklar Berit Lindquister i Husflidslaget. (©NPK)












