Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Dei beste damene - Synnøve S. Bjørset, Åse Teigland og Anne Hytta - vant Folkelarm-prisen for beste soloplate i fjor.

Dei beste damene - Synnøve S. Bjørset, Åse Teigland og Anne Hytta - vant Folkelarm-prisen for beste soloplate i fjor.

Folkelarm tek pause i år

Ønsker å korrigere kursen.

Publisert: 31.01.2012 14:24
2012 blir eit pauseår for bransjetreffet Folkelarm. Funksjonen og effekten til organisasjonen skal under lupa.

— Vi planlegg ut frå at det blir Folkelarm i 2013, men form, innhald og eigarskap skal gjennomgåast, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes til folkemusikk.no.

Ho seier at det ikkje ligg nokon dramatikk i at Folkelarm skal evaluerast, og legg til Folkelarm har som mål å vera meir enn ei hyggjeleg og bra konsert- og seminarhelg.

— Folkelarm blei første gongen arrangert i 2005, og mykje har skjedd sidan den gongen — difor trur vi at det no er lurt å heva blikket litt og sjå på korleis Folkelarm best kan tena formålet sitt. Gjennom evalueringa håpar vi å få spissa profilen og korrigert kursen for dette arbeidet, seier Dyrnes.

Jan Lothe Eriksen skal leia evalueringsarbeidet. Han har mellom anna bakgrunn frå Musikernes Fellesorganisasjon, Rikskonsertane og som dagleg leiar i Norsk Folkemusikk og dansarlag og som dagleg leiar for Riksscenen.

Han får med seg ei gruppe på tre andre personar. Dei tre er: Torill Faleide, kommunikasjonssjef for Førdesfestivalen, Øyvind Skjerven Larsen, prosjektleiar for Music Export Norway og musikaren Anne Hytta. (©NPK)
Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT