Gründerleiren samla 126 gründerspirer frå heile landet til grøn idékonkurranse i Trondheim førre veke.
Etter to døgns arbeid med forslag til korleis energiutfordringane kan løysast, vart laget frå Atlanten kåra til vinnar av konkurransen.
— Løysinga til vinnarlaget er svært relevant. Det er behov for tenesta, ho gjer prosessen lettare for brukarane, og ho kan tilpassast lokalt, seier Anne M. Abelgaard, som er ansvarleg for barne- og ungdomssatsinga i Enova, om vinnarforslaget.
Laget laga ei eiga miljønettside med informasjon om «grøne» energiløysingar for bustadeigarar. Oppgåva i år var å finne «fremtidens energiløsninger for morgendagens boliger» og å drøfte kva som ligg i omgrepet «det grøne gullet».
Gründercampen er eit samarbeidsprosjekt mellom Enova og Ungt Entreprenørskap. Over 2.900 elevar i den vidaregåande skolen har vore med på lokale gründercampar. Av dei kom 126 vidare til finalen i Trondheim. (©NPK)












