Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Støtta til EØS-avtalen har auka etter at Europautredninga blei lagt fram. Her overleverer utredningsleiaren Fredrik Sejersted rapporten til utenriksminister Jonas Gahr Støre. Foto: Scanpix

Støtta til EØS-avtalen har auka etter at Europautredninga blei lagt fram. Her overleverer utredningsleiaren Fredrik Sejersted rapporten til utenriksminister Jonas Gahr Støre. Foto: Scanpix

Fleire støttar EØS-avtalen etter Europautredninga

Støtta til EØS-avtalen aukar på ei måling frå Sentio. Den er gjort rett etter at Europautredningen blei lagt fram.

Publisert: 29.01.2012 23:50

På ei meiningsmåling frå Sentio gjort på oppdrag for Nationen, svarar 51,1 prosent at dei ville ha stemt ja i ei folkerøysting om EØS-avtalen. Målinga er gjort rett etter at Europautredninga la fram sin rapport.


Sentio gjorde tilsvarande undersøking på oppdrag for Nei til EU rett før Europautredningen vart lagt fram 17. januar i år. Da sa 46 prosent ja til EØS-avtalen.


Alternativa
46,7 prosent svarar at dei heller ville hatt ein handelsavtale med EU enn EØS-avtalen. 24 prosent føretrekkjer EØS framfor ein handelsavtale. 


Samstundes seier 64 prosent at dei ville stemt ja til EØS om EU-medlemskap var alternativet. 16 prosent vil heller ha EU-medlemskap. Dei siste svara er på lik linja med svara frå undersøkinga frå før Europautredninga vart offentleg.


Paal Frisvold, leiar i Europabevegelsen, gler seg over den støtta til EØS-avtalen målinga viser.


— Det ser ut til at folk er fornøgd med å vere med i EU/EØS. Folk tenkjer ikkje som Nei til EU som vil ha Noreg ut av Schengen, ut av EØS og halde oss borte frå EU, seier Frisvold.


Han legg til at han er glad for at folk ser ut til å finne seg til rette med EØS-avtalen.


— Sjølv vår fremste professor i EU-rett vart overraska over funna i Europautredninga. Rapporten deira viser kor tett Noreg er knytt til EU. Folk i Noreg er jo med i EU, det er berre regjeringa som ikkje er med, seier Frisvold.


Sigbjørn Gjelsvik, leiar for Alternativer til dagens EØS-avtale, er ikkje einig.


- Er påvirka

— Det er ikkje rart at fleire svarar at dei stør EØS-avtalen etter to veker der utanriksministeren og Europautredninga har prøvd å banke inn at det ikkje finst noko alternativ, seier han.

 

Les også: Sigbjørn Gjelsvik ser mange alternativ til EØS-avtalen


— Sjølv om folk seier ja til EØS treng ikkje det å betyr at folk er fornøgde med dagens avtale. Den store oppslutnaden om ein handelsavtale tyder på at svært mange ønskjer ei ordning som grip mindre inn i kvardagen enn dagens EØS-avtale, seier Gjelsvik.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT