Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Torbjørn Tufte i Landbrukets Utredningskontor seier importen set den norske landbrukspolitikken under eit formidabelt press. Foto: Siri Juell Rasmussen

Torbjørn Tufte i Landbrukets Utredningskontor seier importen set den norske landbrukspolitikken under eit formidabelt press. Foto: Siri Juell Rasmussen

Rapport frå Landbrukets Utredningskontor syner dobling i import av landbruksvarer på ti år

Frå 2000 til 2010 auka importen av landbruksvarer frå 16,6 til 35,2 milliardar kroner i verdi. I volum er auka nesten like stor. Bøndene og handelen er bekymra for at tollvernet lekk.

Publisert: 28.01.2012 00:02
Doblinga av landbruksimporten kjem dels av folketalsauke og vekst i etterspørselen, men ein stor del kjem også av utvida tollfrie importkvotar og eit stadig meir uthola tollvern, ifølgje ein rapport frå Landbrukets Utredningskontor (LU).

— Importen set den norske landbrukspolitikken under eit formidabelt press, og det er vanskeleg å ta ut høgare prisar på mange varer. For norsk landbruk er det ei stor utfordring at tollvernet lekk som berre juling, seier Torbjørn Tufte, prosjektleiar i LU.

Osteimport pressar bønder
Importen av ost er tredobla frå 3200 tonn i 2000 til 9600 tonn i 2010.

Statistikk: Sjå oversikt over kva for ostetypar som blir importert

— Over 3600 tonn blir i dag tatt inn til full toll, og i tillegg har Norge som ein del av EØS-avtalen nyleg gått med på å auke dei tollfrie kvotane EU har på osteeksport med nye 2700 tonn ost, seier han.

Tufte reknar derfor med at over 16 prosent av osteforbruk blir dekka av import. Reknar ein i tillegg med grensehandelen, som ifølgje den svenske jordbruksforvaltninga er på 4600 tonn ost, blir kvar femte ost importert.

Les også: Kvar fjerde biff må importerast

— Veksten i forbruket blir i stor grad dekt opp av auka import. Norsk jordbruk mister sårt tiltrengt volum og importveksten trugar på sikt med å presse ned bondens mjølkepris, seier Tufte.

I rapporten skriv han at den norske mjølkeproduksjonen er redusert med 3 prosent på ti år trass i folkevekst på 9,5 prosent. Importvolumet av meierivarer har på same tid auka frå om lag 6000 tonn til 23.000 tonn.

— Dramatiske konsekvensar
Både bondeorganisasjonane og handelsnæringa seier seg bekymra over kraftig importvekst.

— Importauken er eit symptom på at konkurransekrafta har blitt svakare i jordbruk og matindustri, noko som bekymrar oss, seier Thomas Angell, direktør i organisasjonen Virke.

— Vi er opptatt av å ha eit sterk norsk landbruk som kan levere gode kvalitetsvarer. Det vil òg forbrukarane ha, men då må økonomien til bøndene styrkast på andre måtar enn ved å halde fram å auke prisane, seier Angell.

Bondelaget er også bekymra.

— Viss ein ikkje set inn tiltak, så vil importveksten få dramatiske konsekvensar for jordbruket. Politikarane må nytte det handlingsrommet ein har til å styrkje tollvernet. Ein må òg ta lærdom og ikkje gi så store tollfrikvotar til EU samtidig som ein i større grad må bruke budsjettmidlar for å styrkje inntekta til bøndene, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Les heile saka i e-avisa til Nationen for 28. januar.
Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT