Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Fra markeringa mot vikarbyrådirektivet på Youngstorget. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Fra markeringa mot vikarbyrådirektivet på Youngstorget. Foto: Siri Juell Rasmussen.

LO-forbund vil framleis ha veto mot vikarbyrådirektivet

Måndag bestemmer LO-sekretariatet seg for om LO skal gå inn for vikarveto. Fleire forbund står på veto.

Publisert: 28.01.2012 00:02
I høyringsinnspel til LO-sekretariatet har fleire LO-forbund gjort det klart at dei ikkje ser tiltakspakken frå regjeringa som tilstrekkelege for å sikre at vikarbyrådirektivet ikkje er til skade for arbeidslivet og arbeidstakarar i Noreg.

Les også: Halve stortingsgruppa til Sp vil ha veto mot vikarbyrådirektivet

— Vi og fleire forbund har spelt inn at vi ikkje synest garantiane er gode nok. Vi var i utgangspunktet skeptiske til direktivet, og når forslaga til betringstiltak ikkje er innfridde, så tilrår vi å reservere oss, seier nestleiar Mette Nord i Fagforbundet, som er det største forbundet i offentleg sektor.

Ho stadfestar at ho og forbundsleiar Jan Davidsen, som saman utgjer to av dei 15 faste medlemmane i LO-sekretariatet, begge kjem til å oppretthalde kravet om reservasjon under handsaminga måndag.

— Garanterer ikkje nok
Fellesforbundet, som er det største forbundet i privat sektor og har to plassar i sekretariatet, har også gjort det klart at dei vil oppretthalde kravet om veto, som forbundet gjorde vedtak om på landsmøtet i haust.

Les også: Sterk motstand mot EØS på grasrota i LO

— Vi meiner Noreg må bruke den lovlege retten innanfor ramma av EØS-avtalen til å seie nei til direktivet, skreiv leiar Arve Bakke på nettsidene til Fellesforbundet førre veke.

Ikkje visse på utfallet
Trass i utbreidd direktivmotstand er det likevel ingen som er visse på kva utfallet av forhandlingane måndag vert.

— Det er litt tidleg å seie noko om det no. Vi må fyrst ta debatten og få dei ulike argumenta. Så vil eg konkludere, skriv leiar Erna Hagensen i Norsk Arbeidsmandsforbund i ein SMS til Nationen.

Blant dei ni forbunda som er representerte i LO-sekretariatet er det berre Industri og Energi og LO Stat som ikkje har teke til orde for veto. Desse har saman to av dei 15 medlemmane i sekretariatet.

Les heile saka i e-avisa for laurdag 28. januar

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT