Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Leiar i Trondheim LO, Arne Byrkjeflot, sier det er eit sinne i fagrørsla han ikkje har sett på lenge. Foto: Scanpix

Leiar i Trondheim LO, Arne Byrkjeflot, sier det er eit sinne i fagrørsla han ikkje har sett på lenge. Foto: Scanpix

Sterk motstand mot EØS på grasrota i LO

I helga arrangerer LO i Trondheim konferanse under parolen Nei til EØS.

Publisert: 27.01.2012 18:31
— Vi måtte stenge påmeldinga til konferansen då vi kom til 600, for vi har ikkje plass til fleire, seier Arne Byrkjeflot, leiar i LO i Trondheim og arrangør av Trondheimskonferansen som finn stad denne helga.

Les også: LO-topp meiner debatten om EØS-alternativ kjem uansett

På programmet står føredrag og debatt om korleis EU og EØS påverkar norsk arbeidsliv.

— Det er både striden rundt vikarbyrådirektivet og ein dom som fall i EFTA-domstolen denne veka, der EU blandar seg inn i norsk tariffpolitikk, som engasjerer folk, seier Byrkjeflot.

Stort sinne
Han meiner situasjonen i fagrørsla no er veldig tilspissa.

Les også: Meir EØS-trøbbel for Jens

— Det er eit sinne på grunn­planet i fagrørsla som eg aldri tidlegare har sett maken til, seier Byrkjeflot.

Les også: LO-topper hudfletter Ap

Sjølv er han uttalt EØS-motstandar, og har store forventingar til helgas diskusjonar.

— Dette er første gong sidan 1993 at det er diskusjon om EØS-avtalen. Diskusjonen går heilt inn i fagrørsla, frå toppnivået og til grasrota, seier Byrkjeflot.

Har mykje å seie
Stein Stugu, som er rådgjevar for den fagforeiningsnære forskingsstiftinga De Facto, gir Byrkjeflot rett i at EU i stadig større grad påverkar arbeidslivet.

— Eg oppfattar at EØS-avtalen har ein påverknad på norsk arbeidsliv som går langt ut over det var grunn til å forvente då avtalen vart innført i 1994, seier Stugu.

Heile saka kan du lese i e-avisa til Nationen for laurdag 28. januar eller i e-avisa. Den kan du kjøpe her.
Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT