Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Kvaliteten på norske grønsaker viser god kvaliltet, trass den våte sommaren mange stader i landet. Foto: Mariann Tvete

Kvaliteten på norske grønsaker viser god kvaliltet, trass den våte sommaren mange stader i landet. Foto: Mariann Tvete

Våt sommar øydela ikkje kvaliteten på norske grønsaker

Lagra av norske grønsaker er litt mindre enn vanleg, og utsorteringa har vore større enn vanleg. Men alt i alt har den våte sommaren ikkje øydelagt kvaliteten på norske grønsaker, oppsummerer Grøntprodusentenes samarbeidsråd.

Publisert: 27.01.2012 10:45

- Det er enkeltparti av potet som ikkje har kunne pakkast, lik eins med enkeltparti av lauk og gulrot. Slikt er sjølvsagt ikkje kjekt for dei enkeltprodusentane som vert råka, men alt i alt har det gått bra, seier konsulent Arvid Laksesvela i Grøntprodusentenes samarbeidsråd til nationen.no.

 

Etter dei ekstreme nedbørsmengdene sist sommar var det mange produsentar som sleit med å få hausta avlingane.

 

Det var også spenning knytt til kvaliteten på dei hausta grønsakene, noko som ville vise seg når dei vart lagra.

 

Les også: Får godt betalt for lite avling

 

- Det som er sikkert er at varene som har gått til butikk har vore av god kvalitet, seier Laksesvela.

 

Han seier sjølvjustisen er stor i pakkeria. Ingen gamblar med tvilsame parti.

 

- Importerte potetar er billige, vi er avhengige av å ha topp kvalitet på dei norske for å få seld dei. Dette veit bransjen, seier Laksesvela.

 

Les også: Regnet halverte jordbæravlingane

 

For lauk har problemet vore at det ytste skalet har blitt svart. Det kan minne om jordslag.

 

- Under det ytste skalet er det bra kvalitet på lauken. Men svarte skal har vore eit problem for laukprodusentar også i resten av Europa denne sesongen.


Korleis hausten vart er avhengig av jordkvalitet og hellinga på jordet. Problema kom der vatnet vart ståande på jordet.

 

Les også: Fritt for norske jordbær og morellar


- Produsentane har vore flinke og latt vere å hauste der vatnet stod. Spørsmålet er om dei stoppa langt nok unna, seier Laksesvela.

 

Han seier har trur få har gambla.

 

- Ingen ting er så dyrt som å hauste eit produkt og ta kostnadene med lagringa, og så likevel ikkje få seld det, seier Laksesvela.

 

Les også: Produksjonen av frilandsgrønsaker har auka med 20 prosent

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT