Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Roger Iversen i Stavanger Høgre, og tidlegare statssekretær, vil bygge ned all matjord i kommunen. Foto: Scanpix

Roger Iversen i Stavanger Høgre, og tidlegare statssekretær, vil bygge ned all matjord i kommunen. Foto: Scanpix

Høgrepolitikarar vil bygge ned all matjord i Stavanger

Kommunestyrerepresentantar går inn for å bygge ned resten av matjorda som finst i Stavanger.

Publisert: 27.01.2012 15:58
Kart

I eit resolusjonforslag som leggjast fram for årsmøtet i Høgre i Stavanger, foreslår sentrale tillits- og folkevalde å bygge ned resten av matjorda i Stavanger kommune.


Les også: Bioforsk meiner jordvern blir mykje viktigare i åra framover

Redaksjonskomiteen, som har skrive resolusjonen, seier sikring av tomteareal er det viktigaste kommunen kan gjere.

 

- Me må tørre å ta eit val. Skal Stavanger vere ein bykommune eller landbrukskommune, seier dei ifølgje Stavanger Aftenblad.


Dei meiner landbruksarealet i kommunen må frigjerast til bustad- og næringsareal.

Undersøking: Haldingar til jordvern i befolkinga

Roger Iversen, tidlegare politisk rådgjevar og statssekretær for Erna Solberg, har med seg fire bystyrerepresentantar i redaksjonskomiteen. Forslaget deira møter motstand i eige parti.

 

- Eg er ikkje samd i det heile tatt, seier Kristen Høyer Mathiassen, som er talsmann for partiet i bystyret i saker for byutvikling.


Les også: Uroa over nedgang i kornarealet

- Me har det flottaste jordbruket som finst i Noreg og det beste klima for matproduksjon. Me kan ikke bygge ned all matjord. Eg vil ikkje ha gjennom forslaget. ikkje tale om, seier han.

 

Det samla jordbruksarealet i Stavanger er over 13.500 dekar og over 10.000 er fulldyrka. Ifølgje landbrukskontoret i Stavanger er det 444 landbrukseigedomar i kommunen og 64 aktive bønder.

I heile fjor blei det omdisponert 6687 dekar dyrka jord på landsbasis. Viss forslaget blir vedteke, kjem Stavanger til å bygge ned om lag  dobbelt så mykje som i heile landet i 2011.

Statistikk: Sjå oversikt frå SLF over nedbygging av matjord i Noreg

 

Årsmøtet i Stavanger Høgre blir heldt fredag kveld.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT