Held trenden fram med fallande produksjon og svakt stigande sal, vil kvar fjerde biff måtte vere importert alt om tre år.
Les også: Nortura og Tyr bekrymra for svikt i produksjonen av storfekjøtt
—Det bør vere eit alvorleg varsku til politikarane. I landbruksmeldinga seier regjeringa at målet er å vere mest mogleg sjølvforsynt av dei varene vi har naturlege føresetnader for å produsere her i landet. Der inngår absolutt storfekjøtt, men produksjonen går likevel ned og importbehovet aukar. Det er eit tydeleg signal om at økonomien i storfeproduksjonen må få eit løft, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
Les også: Nortura varslar mangel på storfekjøt
Importen dobla på to år
Prognosane frå marknadsregulator Nortura viser at importbehovet har dobla seg berre frå 2010 til i år.
Les også: Fremdeles ikke selvforsynt med storfekjøtt
Medan 8,5 prosent av storfekjøttet blei importert i 2010, er behovet i år på over 16 prosent. I volum er det også ei dobling i importen frå 7700 tonn til over 15.000 tonn. Det kjem først og fremst av nedgang i produksjon av storfekjøtt.
—Nedgangen på storfe fører til at importbehovet aukar kraftig, og det går motsett veg enn målet i landbruksmeldinga. Utan nye politiske tiltak så vil underdekninga av norsk storfekjøtt auke, og det vil bli vanskelegare for norske forbrukarar å finne norske biffar i butikkane, seier direktør Hans Thorn Wittussen i Nortura totalmarked.
Les også: Stadig større underskudd av storfekjøtt
—Avhengig av meir støtte
Nortura la under høyringa om landbruksmeldinga i næringskomiteen på Stortinget tidlegare i januar stor vekt på at økonomien i storfeproduksjonen må få eit løft.
Styreleiar Sveinung Svebestad seier at det er avgrensa rom for å auke prisane vesentleg, utan at det slår ut i auka import. Næringa er derfor heilt avhengig av auka budsjettstøtte, ifølgje Svebestad.
—Økonomien i storfeproduksjonen er for svak. Det er avgrensa rom for å auke prisane, iallfall nok til at det monnar. På biffar og filetar er vi alt i taket, og auka prisuttak vil lett føre til meir import. Skal vi klare auke produksjonen på storfe må støtta over statsbudsjettet aukast, seier han.
Les heile saka i e-avisa til Nationen 26. januar.











