Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Kontroversielt: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil ha ein tydelegare og mindre omfattande læreplan for norskfaget, men kjem til å møte 
motstand i SV om ho går for å nedtone sidemålsopplæringa. Foto: Scanpix

Kontroversielt: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil ha ein tydelegare og mindre omfattande læreplan for norskfaget, men kjem til å møte motstand i SV om ho går for å nedtone sidemålsopplæringa. Foto: Scanpix

Motstand mot sidemålsreform i SV

Fleire SV-politikarar lovar Kristin Halvorsen kamp om ho går inn for å redusere sidemålsundervisninga.

Publisert: 26.01.2012 00:02
Sentralstyremedlem Ingrid Fiskaa kan ikkje se for seg at det er fleirtal i SV for framlegga frå Utdanningsdirektoratet. Ho seier debatten om norskfaget bør starte i ein annan ende enn det direktoratet legg opp til.

— Dersom utgangspunktet er at norskfaget er for omfattande, slik det framstår, er det andre ting som må under lupa enn sidemålet. Eg synest vi burde fått ei breiare utgreiing. som ikkje avgrensar seg til å handle om sidemålet, seier ho.

Ikkje konkludert
Kristin Halvorsen sjølv understrekar at verken ho eller regjeringa har konkludert i saka, og at det ikkje skal gjerast før om eitt års tid, når ny læreplan har vore på høyring.

Les også: Navarsete varsler kamp om nynorsken

I ei melding på Facebook-sida si understrekar ho at situasjonen for nynorsk som hovudmål er kritisk og at det må setjast i gang tiltak for å styrkje målforma.

Bergen vil kjempe
Fylkesleiar Trond Martin Sæterhaug i Nord-Trøndelag rår Halvorsen til å ta kontakt med dei i eige parti som er opptekne av kultur, identitet og målrørsle om ho vil styrkje nynorsken, heller enn å høyre på direktoratet.

Nettmøte torsdag: Send inn spørsmål til Norsk Målungdom og Riksmålsforbundet

— Vi kan vere med å utforme politikk som reelt styrkjer sidemålsopplæringa. Løysinga ligg ikkje i å så tvil blant lærarar om føremålet med å halde på med språkopplæringa i dag, seier han.

Oddny Miljeteig, som er gruppeleiar for SV i Bergen bystyre, er også svært kritisk.

— Eg konstaterer at Utdanningsdirektoratet driv fordekt kamp mot nynorsken under eit slags fagleg flag, og orsakar at kunnskapsministeren ikkje gjennomskodar det. Det er pressa mykje inn i norskfaget som strengt teke ikkje høyrer heime der, men å ta sidemålskarakteren er å undergrave nynorsken som jamstelt mål, og det skal SV kjempe mot, dermed basta, skriv ho i ein sms.

Les heile saka i papiravisa eller i e-avisa for 26. januar

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT