I møtet mellom staten, faglaga i landbruket og Tine blei det bestemt at mjølkebøndene kan auke produksjonen med 3 prosent for kvoteåret 2012/13.
- At kvotene blir auka er eit signal om at me har tru på behovet for auka produksjon av mjølk i Noreg. Det er veldig bra at delar av den auka kvota er varig og ikkje berre for det kommande kvoteåret, seier Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag, ifølgje Bondelaget sine heimesider.
Av den totale auka er ein prosent varig, medan to prosent berre gjeld for det kommande kvoteåret.
Avtalepartane blei samde om å møtast igjen i august for å drøfte ein eventuell ny auke.
- Det kan vere utfordrande å auke produksjonen før neste fôrsesong, men eg håpar mjølkeprodusentane vil nytte sjansen til å produsere meir mjølk i kvoteåret 2012/13, seier Bjørke.
- Me har lenge signalisert eit behov for ein auke i mjølkekvotene, og oppmodinga frå Tine om å auke produksjonskvotene for 2012 blei fulgt av avtalepartane i dag, seier Elisabeth Morthen, konsernsjef i Tine, til nationen.no.
I desember blei overproduksjonsavigifta for mjølk fjerna. Det vil seie at norske mjølkeprodusentar kunne produsere fritt ut kvoteåret, utan at mengda som blei produsert utover kvoten blei avgiftslagd. Fri mjølkeproduksjon var eit av tiltaka for å prøve å avgrense smørmangelen.
Les også: Tine innrømmer svikt i mjølkeprognosane og beklagar smørmangelen











