Rema 1000 tok til med eit testprosjekt i desember, der dei sette ned prisane på økologisk mat med mellom 10 og 30 prosent.
Les også: SV vil at halvparten av maten staten kjøper skal være økologisk
Prosjektet, som berre blir gjort i Oslo, gjeld for over 80 økologiske produkt - spreidd over ulike varegrupper. Det gjer at forbrukarane i Oslo finn billegare økologiske matvarer enn elles i landet.
Les også: Nortura håper på statlig drahjelp for å øke salget av økologisk mat
- Forbrukarane seier dei ikkje vil kjøpe økologisk viss varene er for dyre. Difor har me gjort eit skikkeleg priskutt for å sjå om det fører til meir sal, seier Lars Kristian Lindberg, sals- og marknadsdirektør i Rema 1000 til TV2.
Meir etterspurnad i Oslo
Rema 1000 seier etterspurnad er årsaka til at dei ikkje set ned prisane i landet elles.
Les også: Mener det går fra tregt til tregere for økologiske produkter
- Dei fleste kundane som er interessert i økologi bur i byar. Det gir oss nokre utfordringar, men det er nettopp det me ønskjer å lære meir om gjennom priskutta me har gjort, seier han.
30 prosent auke
Ifølgje TV2 har salet av økologisk mat auka med over 30 prosent i hovudstaden, men det er uvisst om daglegvarekjeden vil utvide kampanjen til å gjelde fleire stader i landet.
- Me har som mål å selje økologisk mat til lågare prisar i heile landet, men det er avgjerande at me får solgt maten. Det er ikkje etisk å kaste mat heller, seier Lindberg i Rema 1000.
Les også: Tror forskjellen mellom økologisk og konvensjonell ikke er synlig nok
Styresmaktene har som mål at 15 prosent av norsk matproduksjon og matforbruk skal vere økologisk innan 2020.
- Rema ønskjer å finne ut kva me kan gjere for å nå målet, seier Lindberg.











