EFTA-domstolen grip inn i norsk tariffpolitikk, og gir delvis støtte til NHO.
Dette kan skape nytt EØS-bråk for statsminister Jens Stoltenberg og resten av Arbeidarpartiet. Dommen fell veka etter ein landsomfattande strek mot EUs vikarbyrådirektiv, støtta av 10 LO-forbund.
Forbundssekretær Jørn Eggum i Fellesforbundet, LOs største forbund i privat sektor seier til LO-nettstaden Fri Fagbevegelse at han er uroa over dommen frå EFTA-domstolen.
Sosial dumping
Den omstridde saka handlar om almenngjering av tariffavtalen for verftsindustrien. Når ein tariffavtale er almenngjort, gjeld avtalens lønns- og arbeidstilhøve for alle som utfører arbeid i sektoren, sjølv om dei ikkje er ein del av avtalen.
Almenngjering er fagrørslas fremste våpen i kampen mot sosial dumping. Verftsindustrien har tidlegare utmerka seg som ein av dei sektorane som har flest dokumenterte tilfelle av sosial dumping.
Ein kommentator på LO-nettstaden Fri Fagbevegelse, hevda sist veke at om utfallet av dommen ikkje blir slik LO ønskjer, vil det føre til ein skjebnetime for EØS-avtalen.
Ga råd
Det er ni norske verft, som saman med Norsk Industri og NHO, har reist saka. Dei meiner almenngjeringa av tariffavtalen for verftsindustrien er i strid med EØS-avtalen.
Det er Borgarting langmannsrett som skal ta den endelege avgjerda i striden, men lagmannsretten har bede EFTA-domstolen om ein rettleiande avgjerd. EFTA-domstolen gir klagarane delvis medhald.
Det er regelverket for reise, kost og losji domstolen finn problematisk. Men EFTA-domstolen skriv i si avgjerd at den almengjorte tariffavtalens reglulering av arbeidstida er i orden, og at regulering av lønn for overtid er i tråd med EUs regelverk så lenge det er tale om ei minstelønn.
NHO er fornøgde
NHO jublar over EFTA-domstolens avgjerd.
- Gjennom dommen har medlemsbedriftene våre vunne fram på fleire viktige punkt, seier administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen og administrerande direktør i NHO, John G. Bernander i ei felles pressemelding.
Ser det an
LO-leiar Roar Flåthen seier at organisasjonen no skal sette seg grundig inn i avgjerda frå EFTA-domstolen.
-Vi skal bruke god tid på å sette oss inn i EFTA-domstolens uttalelse og vurdere kva som er konsekvensane, seier Flåthen i ei pressemelding lagt ut på LOs nettstad.












