Kornutvalet i Bondelaget meiner auka inntekt, støtte til grøfting og innføring av pristilskot kan stoppe nedgangen i kornarealet i Noreg.
Les også: Kraftig nedgang for korn
Dei sju siste åra har kornarealet her i landet gått ned med over 259.000 dekar, eller rundt 8 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Nedgangen utgjer 37.000 dekar i året, og står i kontrast til åra frå 1998 til 2004, då kornarealet var nær heilt stabilt.
Han trekkjer fram betre økonomi for kornbøndene som det viktigaste grepet for å stoppe nedgangen og på sikt snu utviklinga.
Les også: Bakerbransjen vil fjerne toll på korn etter regntung kornhøst
— Hovudårsaka til nedgangen er at inntektsutviklinga i kornsektoren har vore svært dårleg under den sitjande regjeringa. Distriktsjordbruket er viktig, men vi i sentrale strøk, som står for ein stor del av produksjonen, føler av og til at vi blir gløymt og overlatne til oss sjølv. Dårleg økonomi fører til at marginale kornområde blir tatt ut av drift og motstanden mot nedbygging av matjord blir òg mindre, seier Stubberud.
Han viser til at korn har lågare vederlag til arbeid og eigenkapital enn mange andre sektorar. Driftsgranskingane for 2010 viser 180.000 kroner per årsverk for korn, mot eit snitt på 227.000 kroner for jordbruket samla.
Vil ha nye tiltak
For å dempe nedgangen og på sikt snu utviklinga tar Stubberud til orde for eit generelt inntektsløft for kornproduksjonen. Det seier han òg er viktig for husdyrbønder.
— Meir norsk korn vil gi mindre behov for import til kraftfôr. Det er viktig for legitimiteten til landbruket, seier han.
Stubberud tar til orde for å gjeninnføre støtte til grøfting for å auke avlingane per dekar, samtidig som han vil ha eit nytt tilskot per kilo korn for å stimulere produksjon.
— Kva med prisen på korn og kraftfôr?
— Det er ein diskusjon om metode. Eg er opptatt av at både korn- og husdyrbønder skal få ein god økonomi, seier han.
Sjølvforsyning frå norsk fôr
Norske Felleskjøp (NFK) seier at omlegginga i 1990 og innføring av arealtilskot har stor konsekvens.
— Før 1990 auka kornarealet kvart år. Etterpå har arealet gått kraftig ned, seier administrerande direktør Lars Fredrik Stuve.
— Burde ikkje arealet auka når tilskota til areal auka?
— Ja, ein skulle tru det, men arealtilskotet var nok ikkje stort nok til å kompensere for at kornprisen blei tatt ned ei krone per kilo. Svært mange avvikla særleg dei første åra, seier Stuve.
Du kan lese heile saka i papiravisa for 24. januar, eller i e-avisa. Den kan du kjøpe her.
Mest brukte temaord:
Les også
Lie: - Bondeopprøret viser at regjeringa er på kollisjonskurs med eigne veljarar
Aksjonerte mot jordbruksoppgjeret: Bønder reiste til Oslo for å seie frå
Låve brant ned til grunnen på Tynset
Nordland Senterparti «førrbainna» på Jens Stoltenberg
Anne Tingelstad Wøien (Sp) vil endre spillereglene i jordbruksoppgjøret
Jordbruksoppgjøret: 100 bilder fra bondeaksjonen i Oslo
PR-ekspertar rosar bondeaksjon
Lite listeria hos småskala osteprodusenter












