Grüne Woche er ein mingleplass for småprodusentar, interesseorganisasjonar, politikarar, matindustri, og også daglegvarekjedene.
- Grüne Woche er ein viktig møtestad for å treffe leverandørar og matmiljøet, seier Eivind Haalien.
Les ogå: Brekk opna norsk stand på Grüne Woche
Han er sjef for lokalmat og spesialitetar i Norgesgruppen, og har deleteke på seminar i regi av Oslofjord-regionen i lag med salsdirektør for Asko storhushaldning, Stig Jørgensen.
Sjå biletserie frå messa øvst i saka!
60 utstillarar deltek frå regionane Nord-Noreg, Vestlandet og Oslofjorden.
Norgesgruppen igangsette i haust eit pilotprosjekt i Rogaland for å sjå på distribusjonsmodell for lokalmat.
- Det er stor interesse for prosjektet. Prosjektet er snart ferdig, og førebels ser me at Asko er konkurransedyktig på løysingsmodell og effektivitet, seier Jørgensen.
Vil ha modell for storhushaldning
Norgesgruppen arbeider med tilsvarande modell for distribusjon av lokalmat til storhushaldnignar, som kan vera på plass alt i vår.
- Modellen Asko byggjer opp vil høve godt også til storhushaldningar som ynskjer å kjøpe inn lokalmat, seier Haalien.
Talentspeiding
Haalien legg ikkje skjul på at Norgesgruppen også driv talentspeiding etter gode lokalmatprodukt på Grüne Woche.
- Det er nokre nyheiter her, og enkelte små som driv med spanade produkt, seier Haalien.
Han seier lokalmatprodusentar får tilgang til hyllene i Norgesgruppen sine butikkar.
Les også: Rekordmange nordmenn reiser til Grüne Woche
- Leverandørar med store marknadsdelar må vente seg tøffe forhandlingar med Norgesgruppen. Men lokalmatleverandørar med små ressursar stiller i ein annan kategori. Me ynskjer eit mangfald i varelinjene, seier Haalien.
Viktigast å koma ut av butikk
Haalien seier Norgesgruppen arbeider med å byggje opp leverandørar kundane vil ha.
- Det er viktig å koma inn i butikkhyllene, men viktigare å få varene ut av butikken. Lokalmatleverandørar som kjem til oss har veldig konkrete idéar til kvar dei vil selje varene sine, om det er lokalt, regionalt eller nasjonalt, og i kva av Norgesgruppen sine kjeder dei vil inn. Det er ein krevjande jobb å gjera tilpassingar til kvar enkelt leverandør, seier Haalien.
Sjå biletserie frå opninga av Grüne Woche her.












