For fjerde år på rad har den tyske landbruksministeren invitert kollegare frå heile verda til landbruksstoppmøte i Berlin. Det globale forumet for mat og landbruk (GFFA) blir arrangert i tilknyting til mat- og landbruksmessa Grüne Woche.
I år deltek landbruksministrar frå over 70 land på det internasjonale møtet, som er den største delegasjonen av landbruksministrar nokon sinne på det globale landbruksministermøtet.
I 2050 vil det vera ni milliardar menneske på jorda, og for å skaffe nok mat til alle må verdas matproduksjon auke kraftig dei neste tiåra. Ifølgje FAO sine eigne tal var det i fjor 925 millionar menneske som svelt.
Småbønder blir viktigare
- Småskala matproduksjon og småbrukarar over heile verda blir viktigare, seier sjefen for FNs matorganisasjon, José Garziano da Silva, til Nationen.no.
Han peiker særleg på småbønder i Latin-Amerika, Afrika og Asia.
- Desse bøndene bidreg til ein blanda matproduksjon. Men det er yttarst viktig at dei også får tilgang til dei lokale marknadene, seier da Silva.
Han seier ei årsak til at småbøndene blir viktigare er at dei kombinerer ulike produksjonar, som korn- grønsaker og husdyrhald, og slik tek vare på mangfaldet i matproduksjonen og lokale matkulturar.
Vil ha landbruk på agendaen i Rio
Tema for GFFA-møtet i år er «Mattryggleik gjennom berekraftig vekst —landbruk med avgrensa ressursar». Målet med møtet er å få inn landbruk som eit viktig del av Rio+20-møtet i juni. Rio+20 er FNs konferanse om berekraftig utvikling.
Konferansen finn stad i Rio i Brasil 20 år etter førre konferanse, der dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland lanserte omgrepet «berekraftig utvikling.»
Den tyske landbruksministeren Ilse Aigner seier verda må sameine kreftene i kampen mot fattigdom.
- Berekraftig landbruk og matproduksjon er heilt avgjerande, i tillegg til at matlagra må aukast. Elles er det ikkje mogleg å nå måla om å stogge klimaendringane og sikre matforsyninga, seier Aigner.
Ein milepæl, seier den tyske utanriksministeren
- Møtet i år er ein milepæl i arbeidet mot Rio +20, der temaet er berekraftig grøn økonomi og kamp mot fattigdom, seier Aigner.
Fyrste året den tyske landbruksministeren inviterte til eit globalt møte om mat og landbruk i tilknyting til Grüne Woche-messa var i 2009, eitt år etter den store matkrisa.
Landbruksministrane blir i kveld samde om ein uttale frå møtet. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk deltek for Noreg på møtet.












