Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Nilf-sjef Ivar Pettersen seier at landbruket kan spare nær ein milliard på kutt i kraftfôrprisen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Nilf-sjef Ivar Pettersen seier at landbruket kan spare nær ein milliard på kutt i kraftfôrprisen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Nilf-direktøren meiner bøndene kan spare ein milliard på billegare kraftfôr

Kraftfôrprisen har blitt eit kontroversielt tema etter framlegginga av landbruksmeldinga, og frå ein av forskingstoppane i landbruket, Ivar Pettersen, kjem eit nytt utspel som garantert vil vekkje debatt.

Publisert: 21.01.2012 00:02
Fakta
Kraftfôrprisen
Kraftfôr er ein av dei største utgiftene i jordbruket. I fjor kjøpte bønder kraftfôr for 6 mrd. kr.

Dei 25 siste åra er prisen nær uendra i nominelle kroner.

Kraftfôrforbruket auka med 27 prosent frå 1985, kjøttproduksjonen har på same tid auka med 65 prosent

Auke på fjørfe er hovudårsak til auka forbruk og auka produksjon.

— Om kraftfôrprisen blir sett ned til dansk nivå, vil ikkje berre produksjon av kjøtt og mjølk bli billigare. Vi kan òg få meir målretta verkemiddelbruk som tilskot til beite, og stimulere grovfôr og kornproduksjon på andre måtar. Nettogevinsten for landbruket og samfunnet kan bli vesentleg. Personleg meiner eg vi bør vurdere slike grep, seier Pettersen, som er direktør i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

 

Han seier at landbruket kan spare nær ein milliard på kutt i kraftfôrprisen.


Les også: Ny rapport: Dyrt norsk kraftfôr og færre gardsbruk

 

— Auka pris lite målretta

I landbruksdebatten har fleire tatt til orde for å auke kraftfôrprisen for å auke grovfôrbruken og utnytte areala betre.

 

Ifølgje Pettersen kan ei slik indirekte avgiftslegging av kjøttforbruket vere lite målretta og lite effektivt.

 

Les også: Når er kraftfôr umoralsk? Nationens Kari Gåsvatn kommenterer


Då tidlegare NILF-forskar Svenn Arne Lie saman med medforfattar av debattboka «En nasjon av kjøtthuer», Espen Løkeland-Stai, torsdag stilte til nettmøte hos nationen.no, var bruken av og prisen på kraftfôr eit tema som stadig kom attende.

 

— Auka kraftfôrpris er ikkje eit veldig målretta verkemiddel for å fremje grovfôrproduksjonen, og samtidig kan konsekvensen bli dyrare mat for forbrukarane. Hola i tollvernet blir større, og det blir meir import og grensehandel som er ein trussel mot produksjonen av fjørfekjøtt, seier Pettersen.

 

Grøn støtte

Redusert kraftfôrpris, eller mindre vekt på auka kraftfôrpris, bør ifølgje Pettersen supplerast med tilskot direkte mot beite og gras.

 

— Vi har alt eit beitetilskot. Det blir definert som grøn støtte i WTO, og det står vi dermed fritt til å auke. Vi kan derimot ikkje nytte produksjonstilskot eller auka målpris til kjøttproduksjonen fritt for å kompensere for auka kraftfôrpris, sidan det vil bli definert som gul støtte på viktige produkt, seier Pettersen, og viser til at WTO-avtalen har eit tak for gul støtte som Norge er nær ved å nå.

 

— Kan ikkje billigare kraftfôr føre til større forbruk og mindre grasbruk for kyr og sauer?

 

— Jau, men ein har betre verkemiddel enn «avgift» på kraftfôr for å halde lønsemda i beitebruken oppe, seier Pettersen.

 

Les også: Grovfôr like dyrt som kraftfôr

 

— I delar av landet må kyrne stå inne store delar av året. Vil då auka beitetilskot hjelpe?

 

— Tilskot kan også bidra til å auke tilgangen på gras, men det er slike problemstillingar vi må gå grundigare igjennom, seier han.

 

Les også: Andelen soyamel i kraftfôr øker

 

Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for laurdag 21. januar. Ho kan kjøpast her.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT