Fredag føremiddag opna landbruks- og matminister Lars Peder Brekk den norske standen på Grüne Woche i Berlin. Landbruks- og matmessa er den største i verda.
60 utstillarar frå Noreg skal profilere norsk mat og drikke, reiseliv og trearkitektur i året utstilling.
Sjekk lista med alle dei norske utstillarane
- Grüne Woche skal synleggjera alle dei fantastiske råvarene og produkta frå det norske landbruket, og dei flotte reiselivsprodukta me har, sa landbruksminister Lars Peder Brekk i opningstalen.
Tyskland viktig for Noreg
- Det er ikkje tilfeldig at me satsar stort her i Tyskland. Ved sidan av Sverige og Danmark er Tyskland det viktigaste landet for norsk reiseliv, sa Brekk.
Les også: Brekk er stolt av norske bidrag til Grüne Woche i Berlin
Det er 25. gongen Noreg deltek på messa i Berlin.
- Det har skjedd mykje på desse 25 åra. I byrjinga var det berre nokre få enkeltaktørar, no har messa vorte ein av dei viktigaste møtestadene for alle som arbeider innanfor mat- og reiselivssektoren i Noreg, sa Brekk.
Rekordstor deltaking
Rekordmange nordmenn har i år funne vegen til Berlin, får matindustri, forsking, offentleg forvaltning, produsentar og daglegvarekjedene.
Les også: Rekordmange frå Noreg reiser til matmessa Grüne Woche
- Mange av dykk som er her og representerer Noreg, har hatt ein idé, og de har hatt mot til å fylgje opp idéen. De syner at det er mogleg å koma lenger gjennom samarbeid enn kvar for seg, sa Brekk.
Les også: Haaheim Gaard kåra til årets bygdeutviklar 2011
Med seg til Berlin har Brekk også Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.












