- Inntrykket mitt er at det er i ferd med å byggje seg opp ein stor EØS-skepsis i fagrørsla, seier SVs nestleiar Bård Vegar Solhjell.
Han viser til at det går føre seg diskusjonar både om heile EØS-avtalen, og til at mange enkeltdirektiv frå EU blir diskutert.
- Fagrørsla byrjar merke i kor stor grad avtalane påverkar arbeidslivet og kampen mot sosial dumping, seier Solhjell.
-Fullstendig urealistisk
Denne veka offentleggjorde Nationen ei Sentio-måling som viste at 45 prosent heller ville ha ein handelsavtale med EU, viss valet stod mellom ein handelsavtale og dagens EØS-avtale.
Les også: Britane vil heller ha EFTA enn EU
Berre 24 prosent sa at dei heller ville ha EØS enn ein handelsavtale. I Dagens Næringsliv karakteriserte utanriksminister Jonas Gahr Støre alle alternativ til EØS-avtalen som fullstendig urealistisk.
Les også: Støre: - EØS-avtalen har ikke ført noen bak lyset
- Startskot for EØS-debatt i heile fagrørsla
Førstkommande helg inviterer LO i Trondheim til sin årlege konferanse. Der kjem EU, EØS-avtalen og konsekvensane for norsk arbeidsliv til å vere svært sentralt.
- Vi reknar med at dette skal bli startskotet for ein stor EØS-debatt i heile fagrørsla, seier Arne Byrkjeflot, leiar i LO i Trondheim.
Les også: To av regjeringspartia vil diskutere alternativ til EØS-avtalen
Han legg til at dette er noko LO i Trondheim har jobba med lenge.
- Vi har vore med på den alternative utgreiinga om EØS-avtalen. I tillegg har striden rundt vikarbyrådirektivet gjort at det er debatt om EU i heile fagrørsla.
Rapporten om alternativa til EØS-avtalen kjem i mars. Det kan du lese meir om i eavisa for Nationen fredag 20. januar. Ho kan kjøpast her.












