Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Ein særs glad Torstein Hatlevik får BU-prisen 2011 frå Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Foto: Hilde Lysengen Havro.

Ein særs glad Torstein Hatlevik får BU-prisen 2011 frå Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Foto: Hilde Lysengen Havro.

Haaheim Gaard kåra til årets bygdeutviklar 2011

Fekk BU-prisen på 200.000 kroner i Berlin.

Publisert: 19.01.2012 18:54
Fakta
Nationen dekker Grüne Woche
Har du tips om Grüne Woche? Da kan du sende tips til vår journalist i Berlin Hilde Lysengen Havrohilde.havro@nationen.no.
Fakta
Grüne Woche
Berlin 20. - 29. januar

En av verdens største messer for mat, landbruk og hagebruk.

1.500 utstillere fra 60 land.

Publikumsmesse, 400.000 besøkende.

5.000 journalister fra 70 land.

Den norske standen er på 350 kvm.

Bygdeutviklingsprisen 2011 gjekk til går til Haaheim Gaard i Tysnes i Hordaland. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk delte torsdag ettermiddag ut den gjeve prisen på ein seremoni i den norske ambassaden i Berlin.

 

Eigaren av Haaheim Gaard, Torstein Hatlevik, etablerte i 2009 ein gardsrestaurant i kjellaren på garden. Så langt som mogleg baserer kjøkkenet seg på lokale råvarer.

 

- Det er utruleg kjekt å få prisen, me er veldig glade, seier Hatlevik.

 

Pengar kjem godt med

Med sjekken på 200.000 har han fått nye midlar til å investere.

 

- Me skal byggje vidare med ulike prosjekt me er involverte i. Mellom anna arbeider me med å få til overnattingsmoglegheiter på Haaheim Gaard, seier Hatlevik, som ynskte å takke alle som har bidrege til utviklinga av Haaheim Gaard.

 

Les også: Brekk er stolt av norske bidrag til Grüne Woche i Berlin

 

I tillegg til restauranten har Haaheim Gaard ein liten interiørbutikk, ein rosehage, og til våren blir det opna ein gardsbutikk på garden.

 

Verdig vinnar

- Årets vinnar er er ein verdig vinnar og er eit godt døme på nyskaping i landbruket, seier Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

 

Det var tre fylkesvise vinnarar som konkurrerte om prisen. I tillegg til Haaheim Gaard, var Toten eggpakkeri og Aarholttunet Gjestegård og leirskole nominerte. Alle tre hadde vunne den fylkesvise bygdeutviklingsprisen.

 

Les også: Rekordmange frå Noreg reiser til matmessa Grüne Woche

 

- Dei nominerte bedriftene avspeglar mangfaldet i landbruksbasert næringsliv, og er kvar på sin måte tre spanande bedrifter, seier Brekk.

 

Bedriftene blir vurdert mellom anna etter lønsemd, sysselsetjing, bærekraftigheit og verdiskaping, og jury for den nasjonale BU-prisen har vore leiargruppa i Innovasjon Norge. Til saman i dei fylkesvise kåringane har det vore 75 kandiatar i 2011.

 

Les også: Stor næringsdelegasjon til Berlin


Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT