Kritisk til påstandar
Dei tre forskarane stiller spørsmål ved påstandane om at regionale vekstsentra er det som må til for å få folk til å flytta til i Distrikts-Noreg.
Gjennom rapporten sin meiner dei å kunna visa at dette ikkje er tilfelle. Rapporten tek utgangspunkt i tilflyttingsarbeidet i den vesle bygda Finnøy i Hamarøy kommune i Nordland.
— I denne grenda, som har alle «utbygda sine strukturelle kjenneteikn» — lang veg til butikk, skule og kommunesentra, skjer den prosentvis mest positive befolkningsutviklinga både i kommunen Hamarøy og i regionen Nord-Salten, heiter det i omtalen av rapporten.
Les også: Flyttet til seter uten innlagt vann
Den positive utviklinga i den vesle bygda resulterte i slagordet «Tilflyttingsbygda Finnøya», eit vellukka seminar og i at bygda i fjor blei tildelt bygdeutviklingsprisen for Nordland.
— Finnøy viser veg
Dei tre forskarane meiner Finnøy viser veg for resten av Utkant-Noreg.
— Finnøy har vist oss at det å lykkast med tilflytting ikkje primært handlar om å ha best mogleg kommunikasjonar og fire felt motorveg, men om å ta imot menneske på ein skikkeleg og ærleg måte, om å ønskja dei velkomne og om å inkludera dei i lokalsamfunnet frå dag ein, uttalar forskarane i ei pressemelding.
Les også: Skal finne den beste plassen i Noreg
Målet til innbyggjarane er å møta alle som gjestar lokalsamfunnet på ein måte som gjer at han eller ho blir verande.
— Slik er dei førebilete for alle, meiner forskaren.
Les også: Regjeringa satsar 20 millionar på bustader i distrikta
I rapporten kjem dei med klare råd til korleis utkantsamfunn kan arbeida for å trekkja til seg nye tilflyttarar. Forskarane meiner difor rapporten er nyttig lesnad for alle som arbeider med bulyst og tilflytting i Distrikts-Noreg. (©NPK)












