Det er 77. gong messa blir arrangert i Tyskland, og ho har også vorte meir og meir populær mellom nordmenn. I tillegg til politikarar, utstillarar og den offisielle delegasjonen reiser representantar frå det offentlege og private til Berlin for å sjå og lære.
På den norske delen av messeområdet vil det bli servering av mat og drikke. Frå 2010 til 2011 opplevde den norske restauranten ei omsetningsauke på 45 prosent.
Noreg jubilerar
Dei fleste av dei 60 utstillarane deltek gjennom dei tre regionane Nord-Noreg, Fjord-Noreg Vestlandet og Oslofjord-regionen. Nasjonale utstillarar, som Innovasjon Norge si reiselivssatsing, Hanen, Arcus og Norsk kulturarv, blir også å finne på den norske standen.
Les også: Nå skal maten være sosial
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet samarbeider Innovasjon Norge tett med den norske ambassaden om den norske deltakinga på Grüne Woche.
- Det vil vera fleire nordmenn på opninga i år enn nokon gong. Til no er 400 påmelde, seier Rød.
Det er 25. gongen Noreg deltek på Grüne Woche. Laurdag kveld blir det jubileumsfest der Det norske Skogselskapet skal grille tre heile elg til gjestene.
- Me har dei siste åra sett ein stadig aukande popularitet mellom nordmenn som ynskjer å delta og reise til messa i Berlin, seier seniorrådgivar Arne Rød i Innovasjon Norge, som er prosjektleiar for Grüne Woche i Innovasjon Norge.
Les også: Brekk er stolt av norske bidrag til Grüne Woche i Berlin
For mange fyrstegongsutstillarar er Grüne Woche ei opning inn på den internasjonale reiselivsmarknaden, og i år er det 60 utstillarar som deltek på messa. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for torsdag 19. januar. Ho kan kjøpast her.












