I ei ny meiningsmåling Sentio har gjort på oppdrag for utgreiinga Alternativer til Dagens EØS-avtale svarar 46 prosent av dei spurde at dei ville ha stemt ja til EØS-avtalen viss det var folkerøysting om avtalen i morgon. 34 prosent seier at dei ville ha stemt nei. I same undersøking seier 45 prosent at dei heller vil ha ein handelsavtale med EU enn dagens EØS-avtale.
Demokratisk ulempe
- Eg synest ikkje det er så rart at, det har vore mykje merksemd om avtalen i det siste. Det har kome fram at samstundes som avtalen gir visse fordelar for Noreg i marknaden, har han også demokratiske ulemper, seier Hanne Marte Narud, som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og valforskar.
- Mange meiner at avtalen ikkje er god for Noreg. I tillegg er det ein sterk skepsis til norsk EU-medlemskap, seier Narud til nationen.no.
Stabile tal
I november i fjor stilte Sentio dei same spørsmåla. Målinga den gongen viste ein enno sterkare skepsis mot EØS-avtalen enn det som kjem fram i denne undersøkinga. Då sa 38 prosent at dei ville seie opp avtalen. 44 prosent støtta avtalen. Samstundes sa over halvparten, 52 prosent, at dei heller ville ha ein annan avtale med EU enn dagens EØS-avtale.
- Forskjellane mellom denne målinga og den som vart gjort i november er marginal. Det ser ut til å vere ein stabiltet i folk sine haldingar til EØS-avtalen, seier Narud.












