Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) på Temakonferansen onsdag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) på Temakonferansen onsdag. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Brekk: - Utan samvirke når vi ikkje måla i landbrukspolitikken

Landbruksministeren med både ris og ros til samvirkeaktørane på Temakonferansen 2012.

Publisert: 11.01.2012 16:26
Kart

På Temakonferansen 2012 i regi av Norsk Landbrukssamvirke på Lillestrøm onsdag sa landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) at det er viktig å vidareføre dagens landbrukspolitiske modell, der bondesamvirka er marknadsregulator.

 

- Dagens landbrukspolitiske modell, der samvirkene er marknadsregulator med mottaksplikt og forsyningsplikt, skal vidareførast. Utan samvirke vil vi ikkje nå måla vi har sett oss i landbrukspolitikken, sa Brekk og viste til at samvirkene tek imot produksjonen til bønder i heile landet til avtalte prisar.

 

Brekk understreka at samvirket har ei svært viktig rolle med tanke på å gjennomføre måla i landbrukspolitikken, og han meiner også systemet er det mest effektive ein kan sjå føre seg.

 

- I dag tek bøndene sjølv kostnaden både ved å regulere marknaden, og kostnaden når det oppstår overproduksjon. Det gjer at næringa sjølv tar grep for å sikre balansen, sa Brekk til tilhøyrarane.

 

Brekk sa også at han sakna at samvirkeaktørane kom meir på banen for å forsvare interessene til eigarane.

 

- Av og til saknar vi støtte, og det gjorde vi då saka om ostetoll blei diskutert før jordbruksoppgjeret i fjor, sa Brekk.

 

Samtidig sa han at det er viktig at bøndene sluttar opp om samvirke, og at samvirke gjer ein viktig jobb for at det skal vere rom for matproduksjon i heile landet.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER