Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Den norske produksjonen av storfe har ikkje klart å følgje utviklinga i etterspørselen, og ein stor del av storfekjøttet må i dag importerast. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Den norske produksjonen av storfe har ikkje klart å følgje utviklinga i etterspørselen, og ein stor del av storfekjøttet må i dag importerast. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nortura og Tyr bekymra for svikt i produksjonen av storfekjøtt

Etterspør strategi for å snu utvikliga, styrke produksjonen og nytte grovfôrarealet.

Publisert: 06.01.2012 12:30
Leiar Erlend Røhnebæk i Tyr frå høyringa på Stortinget. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Leiar Erlend Røhnebæk i Tyr frå høyringa på Stortinget. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

På høyringa om landbruksmeldinga på Stortinget fredag uttrykte mange av organisasjonane i landbruket stor uro for nedgangen i produksjonen av storfekjøtt.

 

Gunnar Dalen, direktør for nærings- og handelspolitikk i Nortura, sa at storfe er den største kjøttproduksjonen målt i verdi.

 

Ber om tiltak for å auke produksjonen

I motsetning til dei andre kjøttslaga har ein derimot ikkje klart å auke produksjonen av storfekjøtt i takt med etterspørselen, ifølgje Dalen.

 

- For alle dei andre kjøttproduksjonane har ein klart å auke produksjonen i takt med etterspørselen, men på storfe har det blitt ein betydeleg underdekning og aukande import. Eg vil utfordre næringskomiteen til å utforme ein strategi for å snu utviklinga og auke produksjonen av storfekjøtt, sa Dalen.

 

På høyringsmøte på Stortinget viste han til at storfeproduksjonen har mykje å seie både for sysselsetjing i distrikta, pleie av kulturlandskapet og oppretthalde sjølvforsyningsgraden.

 

- Ammekyr er eit kinderegg

Organisasjonen for kjøttfebøndene, Tyr, vil også ha satsing på auka storfeproduksjon.

 

- Ammekyr er eit kinderegg for å nå måla som er sett i landbruksmeldinga. Det er dei beste beitedyra og bidrar til opne landskap, sa styreleiar Erlend Røhnebæk i Tyr.

 

6700 tonn i underdekning

Røhnebæk sa at underskotet på storfekjøtt er på 6700 tonn, og han etterspurde tydelegare målsetjingar for å auke produksjonen av storfekjøtt i landbruksmeldinga.

 

- Problemet i dag er at økonomien i storfekjøttproduksjonen er for svak, sa Røhnebæk.

 

Følg høyringa om landbruksmeldinga direkte på nett-tv

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT