Seniorforskar Arne Grønlund seier målet om 15 prosent økologisk mat strir mot mål om auka matproduksjon og kutt i klimagassane. Andre aktørar er ueinige.
Les også: Halvparten av befolkninga gir blaffen i økologisk mat
Han seier det derfor er politisk strid om det er ønskjeleg å nå økomålet.
Les også: Framtiden i våre hender etterlyser støtte for økomat
— For berre ti år sidan var utfordringa overproduksjon og WTO-tilpassing. Då var meir økologisk landbruk ønskjeleg. I dag er situasjonen ein heilt annan, og hovudmålet er å auke matproduksjonen med 20 prosent. Skal ein klare det må både avlingane per dekar aukast og det må nydyrkast meir. Skulle ein i tillegg nå økomålet, som i seg sjølv vil gi reduserte avlingar, ville nydyrkingsbehovet bli ytterlegare 1 million dekar større. Alternativa er å dyrke opp meir myr eller skog, og ingen av delane er bra for klimaet, seier Grønlund.
- Ingen konflikt
Direktør Kristin Sørheim i Bioforsk Økologisk avviser på si side at det er ei konflikt mellom målet om meir økologisk produksjon og større samla matproduksjon.
Les også: SV vil at halvparten av maten som staten kjøper skal være økologisk
— Eg trur regjeringa er heilhjarta i satsinga på økomat, og det er fullt mogleg å nå både økomålet og målet om auka matproduksjon. Det er stort potensial i å redusere kastinga av mat. Satsar ein òg meir på forsking rundt økologisk dyrking, så kan avlinga kome opp på omtrent same nivå som i konvensjonelt landbruk, seier ho.
Les heile saka i e-avisa til Nationen for fredag 6. januar
Mest brukte temaord:
Les også
Lie: - Bondeopprøret viser at regjeringa er på kollisjonskurs med eigne veljarar
Aksjonerte mot jordbruksoppgjeret: Bønder reiste til Oslo for å seie frå
Låve brant ned til grunnen på Tynset
Nordland Senterparti «førrbainna» på Jens Stoltenberg
Anne Tingelstad Wøien (Sp) vil endre spillereglene i jordbruksoppgjøret
Jordbruksoppgjøret: 100 bilder fra bondeaksjonen i Oslo
PR-ekspertar rosar bondeaksjon
Lite listeria hos småskala osteprodusenter












