Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster

Nye DNA-analysar prov på at ulvar drap lærarinne i Alaska

Naturforvaltinga i Alaska er no sikre på at det var ulvar som drap den 32 år gamle lærarinna Candice Berner, som omkom under ein joggetur utanfor Chignik Lake i Alaska i mars 2010.

Publisert: 03.01.2012 15:33
Kart

DNA-analysar viser no at mellom to og fire ulvar angreip henne. Kvinna vart funne blodig og slitt i sund.

 

I granskingsrapporten etter dødsfallet blir det slått fast at ulvane hadde ei svært aggressiv framferd, men utan at det er mogleg å seie om åtaket kom overraskande.

 

Det er også vanskeleg å peike på noko spesielt som kan ha vore med på å utløyse angrepet, skriv bladet Svensk jakt.

 

Alaska Department of Fish and Game skriv i rapporten at det er svært sjeldsynt at ulv går laus på menneske, men at det er grunn til å halde god avstand til ulv og andre rovdyr som du møter i naturen. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT