Giftig mjølk førte til børsfall for kinesisk meierikonsern. Foto: Mariann Tvete

Giftig mjølk førte til børsfall for kinesisk meierikonsern. Foto: Mariann Tvete

Giftig mjølk førte til børsfall for kinesisk mjølkegigant

Funn av giftig mjølk er årsaka til nedgangen.

Publisert: 28.12.2011 09:52

Aksjekursen i det største kinsesiske meierikonsernet, China Mengniu, har på det meste falle med 26 prosent dei siste to dagane, melder nyheitsbyrået Bloomberg. Årsaka til den kraftige nedgangen i aksjeprisen er funn av giftig mjølk ved ein av selskapet sine meierifabrikkar.

 

Verdien av selskapet har dermed falle med vel 7,7 milliardar kroner (10 milliardar Hong Kong-dollar). Aksjekurs-fallet er det største på Hong Kong-børsen på over tre år, skriv Bloomberg.

 

I oktober føretok det statlege tilsynet for matsikkerheit i Kina ein kontroll ved China Mengniu sin meierifabrikk i Meishan i Indre Mongolia. 24. desember var restultata klare. Desse synte funn av gifta flavacin M1 i flytande mjølk tappa på kartongar. Mjølka skal ikkje ha vore sendt ut på marknaden, skriv selskapet.

 

Kyr åt muggent fôr

Mjølka skal ha kome frå kyr som har ete muggent og forderva fôr. China Mengniu trur dette er årsaka til at det har utvikla seg giftstoff i mjølka, skriv konsernet i ei pressemelding.

 

Selskapet skriv vidare at dei tek matsikkerheit på det største alvor, at alle produkt frå China Mengniu held høg kvalitet, og at selskapet vil gjera alt for å sikre matkvaliteten.

 

Ny mjølkeskandale?

Ifølgje ein artikkel frå det statlege kinesiske nettbaserte informasjonssenteret China.org.cn, er det ikkje fyrste gong at produkt frå China Mengniu skapar problem for folk.

 

I april vart 250 skuleelevar i den nordvestre Shaanxi-provinsen sjuke etter å ha drukke mjølk frå China Mengniu.

 

China Mengniu var også involvert i den kinesiske mjølkeskandalen i 2008. Det giftige stoffet melamin hadde vorte tilsett morsmjølkserstatning. Fleire hundre tusen kinesiske born vart sjuke, og seks døydde etter å ha fått i seg forgifta mjølk. To personar vart avretta, og fleire vart dømde til lange fengselsstraffar i rettsoppgjeret etter mjølkeskandalen.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER