Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Det blei utbetalt om lag 26 prosent mindre i erstatning for tap av sau på beite i 2010 enn toppåret 2009. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase.

Det blei utbetalt om lag 26 prosent mindre i erstatning for tap av sau på beite i 2010 enn toppåret 2009. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase.

Mindre erstatning for tap av sau på beite i 2010

I 2010 blei det betalt ut 2,2 millionar kroner i erstatning for tap av sau i utmark. Det er ein nedgang frå toppåret 2009.

Publisert: 20.12.2011 10:13

Etter beitesesongen 2010 blei det betalt ut i overkant av 2,2 millionar kroner i erstatning for tap av sau på beite i utmark.

 

Les også: Bondeerstatninga nær halvert

 

Beløpet blei fordelt på 120 saker. Tala er henta frå Statens landbruksforvaltning (SLF) som har hand om erstatningsordningane i landbruket.

 

Nedgang

I høve toppåret 2009, då det blei betalt ut om lag tre millionar kroner, har det vore ein nedgang på om lag 26 prosent. Tal frå dei siste ti åra syner at det var ei auke fram til 2009. Ifølgje SLF skuldas auken at eigendelsordninga blei endra i 2004, og med det fekk fleire rett til erstatning.

Dei som er spesielt råka av store tap av sau på beite som det ikkje er mogleg å verne seg mot, og som ikkje skuldast freda rovvilt, kan få økonomisk støtte gjennom denne ordninga. Det er Direktoratet for naturforvaltning som administrerer tap som følgje av freda rovvilt.

Les også: Sauebonde får 5,8 mill. i skrapesyke-erstatning

Ei anna årsak til nedgangen frå 2009 var at det då var auka førekomst av flåttsjukdomar og alveld på vestlandet.

 

Flest i Møre og Romsdal

Fylket som hadde mest erstatningsutbetaling i 2010 var Møre og Romsdal. 1,35 milionar, det vil seie 61 prosent av det totale beløpet, gjekk dit.

 

Utbetalingane har likevel gått ned i Møre og Romsdal, som ifølgje SLF har satt i gang fleire tiltak for å motverke tap av sau på beite. Dei har mellom anna laga eit oversyn over tapsårsaker ved hjelp av radiobjøller og kadaversøkhund.

 

Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag kom på dei neste plassane.

 

Fristen for å sende inn søknad om erstatning for beitesesongen 2011 er 31. desember. Ein kan sende søknad gjennom Altinn.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT