I eit brev til Øvre Eiker kommune rettar Svein Stenshorne kraftig kritikk mot Sp-politikar, stortingsrepresentant og nabo Per Olaf Lundteigen.
Stenshorne er jordbrukssjef i kommunen, men vart tidlegare i desember friteke frå å vera saksbehandlar for saker knytt til Lundteigen si næringsverksemd.
Brevet er skrive av Stenshorne som privatperson, og skildrar ein mangeårig konflikt med stortingsbonden. Sakene som blir ramsa opp i brevet omhandlar mellom anna konflikt om eigedom, bruk og vedlikehald av næringsveg, og forureining av drikkevatn.
- Eg valde å sende brev til kommunen for å greie ut for bakgrunnen for saka, slik eg ser det. Eg ville også imøtegå Lundteigens påstandar om at eg har brukt rolla mi som jordbrukssjef til å øydelegge for han, seier Stenshorne.
Les også: Kommunen tar grep om Lundteigens brønnsak
- Brevet dokumenterer at me har ein nabokonflikt, at Stenshorne er inhabil i behandling av mine saker, og er eit levande bevis på korleis han ser på tilhøvet oss imellom, seier Lundteigen.
Grensestrid
Eit av tilfella Stenshorne trekkjer fram er då Lundteigen skulle setje opp eit grensegjerde mellom sin eigen og Stenshorne sin eigedom. Eit asketre tilhøyrande Stenshorne hamna på Lundteigen si side av gjerdet.
- Treet har ikkje stor økonomisk verdi, men emosjonell verdi, og handlar om prinsipp. Difor var saka viktig for meg, seier Stenshorne.
- Eg har ikkje okkupert asketreet, som Stenshornet hevdar. Det var berre ein praktisk måte å setje opp gjerdet på. Det er mange praktiske utfordringar når ein skal setje opp eit gjerde. Eg er overraska over at Stenshorne ikkje hadde ei lengre liste, seier Lundteigen.
Les også: Lundteigen skal tale eiga regjering midt imot om landbruksmeldinga
Lundteigen seier han bad om ein gjennomgang for å rydde opp uklarheiter kring grensene, og dette har vorte gjennomført.
Les også: Lundteigen: - Neppe pelsdyravklaring i inneværende regjeringsperiode
Forureining av drikkevatn
I brevet til kommunen syner Stenshorne til fleire saker der gjødsel frå Lundteigens husdyr skal ha forureina drikkevatnet til naboar i området. Stenshorne seier han sjølv fekk forureina drikkevatnet sitt i 2000, og skriv at prinsippet om «forureinar betaler» må gjelde, og at Lundteigen må rydde opp om det syner seg at forureiningane kjem frå hans eigedom.
Lundteigen på si side seier at han tek ansvar for forureining av drikkevatn som kjem frå husdyrgjødsel, ettersom han er den einaste bonden som driv med husdyr i området.
I brevet skriv Stenshorne at Lundteigen blir skjerma. Til Nationen utdjupar han dette.
- Fleire saker burde vera fyrstesidestoff i VG og Dagbladet. Men mange vil ikkje orientere om faktiske forhold. Du skal vera ganske hardhuda om du vil gå mot Lundteigen, seier Stenshorne.
- Som jordbrukssjef og nabo har Stenshorne fleire gonger oppsøkt avisredaksjonar med såkalla avsløringar av meg. Etter kvart trur eg mange forstår kva som er kjernen i saka, og difor ikkje slår det opp, svarar Lundteigen.
Les også: Lundteigen får Arbeiderparti-refs












