EUs omstridde vikarbyrådirektiv blir diskutert i heile fagrørsla etter at Arbeidarpartiet vedtok å gi sin støtte til innføring av direktivet. Direktivmotstandarane i fagrørsla har varsla politisk streik og andre aksjonar er varsla i tida som kjem.
Les også: Regjeringa ser på vikarbyrådirektivet på nytt
Denne veka sendte Arbeidsdepartementet ein tiltakspakke mot sosial dumping ut på høyring, for å blidgjere vikarbyå-kritikarane i fagrørsla.
Les også: Massivt flertall for vikardirektiv-veto
Geir Pollestad, Senterpartiets representant i arbeids- og sosialkomitéen på Stortinget åtvarar no fagrørsla mot å tru at slagord, parolar og streik er nok til å få regjeringa til å avvise direktivet.
Vil vente på Flåthen
LO har på visse vilkår uttalt seg positivt til direktivet. Det er likevel stor skepsis og motstand mot direktivet. Det er varslet politisk streik og demonstrasjoner mot direktivet. Det hjelper nok lite om LOs høringsuttale ikke endres. skriv stortingsrepresentanten på bloggen sin.
Han minner også om at Senterpartiets stortingsgruppe førebels ikkje har teke stilling til direktivet og varslar at partiet vil lytte til det som blir sagt frå LO sentralt om denne saka.
Medan alle dei store LO-forbunda, som Fellesforbundet og Fagforbundet har kravd veto mot direktivet, sendte LO sentralt for nesten eit år sidan ei høyringsfråsegn der organisasjonen, mot visse garantiar i høve arbeidsmiljølova, sa ja til direktivet.
1. oktober i år sa Pollestad til Nationen at Senterpartiet ikkje ønskjer at direktivet skal innførast, fordi det svekkjar arbeidstakarane sine rettar. Nokre veker seinare avviste han overfor Stavanger Aftenblad at partiet kom til å ta kampen for direktivet i regjering.
Pussig utspel
- Det ser ut til at Senterpartiets mann fiskar i rørt vatn, seier Roger Hansen, forbundsleiar i Transportarbeiderforbundet.
Han minnar om at det internt i LO for tida går mange diskusjonar om direktivet, og om at Transportarbeiderforbundet er blant dei som no krev at LO sentralt skal sjå på saka på nytt.
- LO kan kome til å ende opp med eit anna råd enn det dei har gitt til no, seier Hansen.
Han påpeikar at det har skjedd svært mykje sidan LO sendte sitt høyringssvar for snart eit år sidan.
- Eg håpar framleis at Senterpartiet vil stø oss i regjering.
Snuopereasjon
- På stiftinga Manifest sin årskonferanse i mars i år sa Geir Pollestad at han var mot direktivet fordi det truga faste tilsettingar, seier Boye Ullmann, fagleg leiar i Nei til EU.
Ullmann seier at han framleis er optimist når det gjeld Senterpartiet og vikarbyrådirektivet.
- Eg trur vi vil få dei med oss til slutt. Eg håpar partiet vil sjå at spørsmålet om vikarbruk er alt for viktig for norsk arbeidsliv til at ein kan overlate det til EU og til Efta-domstolen, seier Ullmann.
- Ikkje eit angrep
- Innlegget mitt er ikkje eit angrep på dei som har løfta fram debatten om vikarbyrådirektivet. Men per i dag er det LOs høyringsutsegn som aksepterer direktivet vi forheld oss til, seier Pollestad.
- Har innlegget ditt samanheng med at du tidlegare i haust sa at partiet ditt ikkje bør prioritere kampen mot direktivet i regjering?
- Eg legg ikkje skjul på at eg ikkje er nokon stor motstandar av direktivet. Poenget mitt er at LO må kome med eit klart svar. Men eg meiner at Senterpartiet ikkje skal trekkje nokon konklusjon i dette spørsmålet før høyringsrunden er over, seier Pollestad.












