Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete

Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete

Ulik oppfatning om fødestove-råd

Liv Signe Navarsete seier innspela frå Helsetilsynet vog tungt då dei forsterka fødestovene vart vedtekne nedlagde. Helsedepartementet seier noko anna.

Publisert: 15.12.2011 00:05
Fakta
Forsterka fødestover

• Statens helsetilsyn varsla i desember 2010 Helse- og omsorgsdepartementet om at risikoen for fødselsskadar truleg var større ved forsterka fødestover enn på ordinære fødestover.

 

• Fire månader seinare vedtok regjeringa å avvikle ordninga med forsterka fødestover.

 

• Tal som nyleg vart kjende, syner at det ikkje finst statistisk grunnlag for Helsetilsynet sine åtvaringar.

 

• Stortingspolitikarar frå både regjeringspartia og opposisjonen har sagt dei vil be helseministeren om ny utgreiing av vedtaket.

Nyleg avdekte NRK Sogn og Fjordane at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk grunnlag for åtvaringane om dei forsterka fødestovene, som tilsynet sende Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i desember 2010.

Les også: Krev skriftleg svar frå helseministeren om fødestover

Sp-leiar Liv Signe Navarsete seier til Nationen at dei førebelse konklusjonane frå Helsetilsynet i 2010 var viktige då regjeringa fire månader seinare vedtok å avvikle ordninga med dei forsterka fødestovene.

Les heile det omstridde brevet frå Helsetilsynet

 

— Dei var ganske tungt vektlagde, seier ho.

 

Det strid mot signala frå HOD, som syner til at dei faglege råda regjeringa baserte seg på var frå Helsedirektoratet og fyrst og fremst deira nye kvalitetskrav til fødselsomsorgen.

Les rettleiaren frå Helsedirektoratet

 

Helsetilsynet ikkje nemnt

Då regjeringa vedtok å avvikle ordninga med dei forsterka fødestovene, synte helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til at råda frå fleire fagmiljø på dette punktet var eintydige.

Les også: Krev at fødestovene får ein ny sjanse

 

Frp-nestleiar og stortings­representant Per Arne Olsen har bede helseministeren presisere kva faglege råd regjeringa baserte seg på.


I skriftlege svar til Olsen førre veke syner helse- og omsorgsministeren til Helsedirektoratet og deira nye kvalitetskrav til fødselsomsorgen, som er utarbeidd på bakgrunn av samrøystes råd frå fagfolk.

 

Innspela frå Statens helsetilsyn er ikkje nemnt i svaret frå statsråden.

 

Då Nationen i går spurte HOD om ei klargjering av rolla til dei ulike fagmiljøa, fekk vi følgjande svar på e-post frå statssekretær Robin Martin Kåss (Ap):

 

— HOD hadde råd frå Helsedirektoratet nedfelt i direktoratets kvalitetskrav. I tillegg var Helsetilsynets rapport og konklusjonar kjende for både Helsedirektoratet og HOD.

Les også: Skuffet over kutt i fødetilbudet

 

Ifølgje Kåss vart bakgrunnsstatistikken for innspela frå Helsetilsynet i desember 2010 også vidareformidla til dei som tok den politiske avgjerda om å leggje ned dei forsterka fødestovene.

 

— Ja, det har vore kjent sia matematikkens barndom at ein ikkje kan bedømme noko matematisk som skjer i 1—2 av 1000 tilfelle når det berre er kring 200 fødslar totalt per år, skriv han.

 

— Vi må få ei utdjuping

Navarsete, som tapte regjeringsforhandlingane om dei forsterka fødestovene, har tidlegare gjort det klart at bakgrunnsstatistikken frå Helsetilsynet innebar ny informasjon for henne.

Les også: Bli kjent med distriktsjordmødrene

 

Ho vil ikkje kommentere materialet frå tilsynet ut over det, men seier ho er nøgd med at det no ser ut til å vere brei einigheit på Stortinget for å få meir fakta om saka.

 

— Vi ønskjer jo å byggje vedtaka våre på fakta, og det er ingen tvil om at innstillinga vi bygde vedtaket om fødestovene på, er ei innstilling vi må få ei utdjuping av no, seier Sp-leiaren.

 

— Inneber den for deg nye informasjonen at vedtaket kan endrast, slik du ser det?

 

— Å gjere om på eit vedtak er alltid vanskeleg, og særleg når det er så mange element involverte, seier Navarsete, og syner til at det i regjeringsforhandlingane vart gjennomslag for at sjukehusa skulle ha kompetanse knytt til anestesi og akuttfunksjonar, og at fødestova i Lofoten har fått halde på ein gynekologstilling.

Det vart og vedteke jordmorstyrt fødestove i Nordfjord og oppretting av slik i Lærdal, sistnemnde med bidrag frå kommunen.


— Å gjere om på noko, er nok vanskeleg, men eg skjønar at det vert stilt ein del spørsmål til grunnlaget, og eg trur det er viktig at alt vert lagt på bordet, slik at vi får rydda til side uvisse. Det skal vere tillit til sakshandsaminga, og at vi byggjer avgjerder på rette fakta, seier ho.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT