Samtidig beklagar dei i eit intervju med Nationen at det ikkje er tatt grep tidlegare for å møte etterspørselsveksten.
— Vêrsituasjonen har gjort at mjølkeleveransen har tatt seg opp seinare enn vanleg og i tillegg har det vore ein ekstrem etterspørselsvekst i løpet av hausten. Det til saman har gjort at vi har hamna i den situasjonen vi har. Når vi veit det vi veit i dag, så burde vi ha sett i gang tiltak tidlegare. Det beklagar vi at vi ikkje har gjort, seier konserndirektør for kommunikasjon Elisabeth Morthen i Tine.
Ho understrekar sterkt at ho beklagar situasjonen.
— Det er berre å innrømme at utrekninga vi gjorde ikkje var god nok. Det beklagar vi veldig sterkt, seier ho.
Importsmøret i hyllene i går
Tine har sagt at det er behov for å importere rundt 50 tonn smør i veka framover mot nyttår for å dekkje etterspørselen.
Synnøve Finden, som har nær halvdelen av WTO-kvotane for smørimport med 86 prosent tollreduksjon, seier dei vil få inn 50 til 60 tonn importsmør i veka.
— Dei første leveransane kom til grossist torsdag kveld, og vi reknar med at smøret kjem til dei første butikkhyllene i dag, seier kategoriansvarleg for meierivarer Magnus Tollefsen.
Les også: Frp vil fjerne tollsatsen på smør
Tollefsen reknar med at Synnøve Finden vil fylle opp importkvoten på 260 tonn der tollsatsen er på 3,32 kroner per kilo. I tillegg reknar han med litt import under den generelle nedsetjinga til 4 kroner per kilo i toll.
— Vi reknar med å importere oppunder 300 tonn smør totalt, og alt er frå den belgiske produsenten Agral, seier Tollefsen.
Les også: Danskebåt-selskap vil tilby ekstra smør til norske forbrukere
Synnøve Finden reknar ikkje med å tene særleg på importen.
— Smør pleier vanlegvis vere dyrare elles i Europa enn i Norge, og slik er det også i dag, seier han.
— Vil de tape på importen?
— Nei, men vi gjer det først og fremst for å redde julebaksten og for å hjelpe til i ein unntakstilstand, seier Tollefsen.
Nationen skreiv fredag om prisutjamningssystemet som reduserer smørprisen i Norge med over 15 kroner per kilo.
— 30 prosent salsvekst
Landets største butikkjede, NorgesGruppen, seier smørsalet var ca 30 prosent høgare enn på same tid i fjor i vekene fram desember.
— I veke 46 og 47 var auken på ca 30 prosent. Den siste veka vi har tal frå er 48, og det er også den første med mindre volum enn i fjor, seier direktør for næringspolitikk Bård Gultvedt, som seier dei ikkje har tal på kor mange butikkar som er eller har vore tome for smør.
Les også: Leder i Møre og Romsdal Bondelag mener kuttene i melkeproduksjonen har gått for langt
Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for 10. desember. Ho kan kjøpast her.












