Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Miljøvernminister Erik Solheim deltek på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika. Foto: Scanpix

Miljøvernminister Erik Solheim deltek på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika. Foto: Scanpix

Erik Solheim har ikkje mista håpet i Durban

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) fortel om intens diplomatisk og politisk aktivitet nest siste dag av klimatoppmøtet i Durban.

Publisert: 08.12.2011 17:29
Kart


- Det er framleis for tidleg å seie om vi når det viktige målet om å vidareføre Kyotoavtalen og får ei klar forplikting frå USA og andre land om ein juridisk bindande avtale, seier miljøvernminister Erik Solheim på telefon frå klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika.

 

Han har sin andre dag under klimatoppmøtet, som skal avsluttast i morgon, og melder at det kokar av forhandlingar og møter på alle plan.

 

- No er det stille før stormen, men intens diplomatisk og politisk aktivitet her, seier Solheim til nationen.no

 

- Alt håp er ikkje ute, vi ser ei viss rørsle i forhandlingane. Det vert ein stor nedtur om vi ikkje får det til, seier han.

 

Solheim seier det viktigaste Noreg kan gjere er å vere ein støttespelar for EU i arbeidet med å få dei store utsleppslanda med på forpliktande utsleppskutt.

 

Kyoto-avtalen i fare

Dersom klimatoppmøtet ikkje lukkast med å kome til semje om ein ny juridisk bindande avtale om utsleppskutt, og Kyoto-avtalen ikkje vert forlengja, står verda utan ein forpliktande global avtale som regulerer utsleppa av klimagassar frå 1. januar 2013. 

 

EU og Noreg har sagt seg viljuge til å ta ein ny runde med Kyoto-forpliktingar, dersom det samstundes vert semje om eit "vegkart" for forhandlingar om ein ny internasjonal avtale som omfattar alle.

 

- EU, med full støtte frå Noreg, jobbar hardt for å få dei store utsleppslanda som USA og Kina med på mest mogleg, seier Solheim.

 

- Dersom det ikkje vert nokon ny avtale, må vi vurdere korleis vi skal gå vidare. Men pliktene frå Cancun gjeld, så vi står ikkje på bar bakke, seier Solheim.

 

- Har utfallet i Durban noko å seie for arbeidet med ei ny klimamelding i den norske regjeringa?

- Det får vi tenkje på når vi kjem heim. Det viktigaste no, er at vi får til resultat her. Noreg må uansett innfri dei pliktene vi har teke på oss, seier Solheim.

 

- Må ikkje brukast som argument mot offensiv klimamelding

Leiar av miljø- og energikomiteen på Stortinget, Erling Sande i Senterpartiet, er også tilstades på klimatoppmøtet. Han meiner det vert endå viktigare for enkeltland å auke ambisjonsnivåa nasjonalt dersom det ikkje skulle verte mogleg å få på plass ein avtale i Durban.

 

I ei pressemelding frå Durban påpeikar han at eit eventuelt fråver av ein internasjonal avtale frå Durban ikkje må brukast som argument mot at regjeringa neste år skal leggje fram ei offensiv klimamelding.

 

- Skulle det ikkje verte eit resultat herifrå som vi håpar på, så betyr ikkje det at vi kan ha mindre innsats for å løyse klimautfordringane, snarare tvert om, seier han til nationen.no. 

 

- Eg vil arbeide for at Noreg skal oppfylle målsetnaden om at 2/3 av klimakutta våre skal takast på heimebane. Alle sektorar må vurderast og olje- og gassektoren er ikkje noko unntak. Vi kan ikkje lukke døra for å gjere endringar i utvinningstempoet dersom det er rett i ein klimasamanheng, snarare tvert om, heiter det i pressemeldinga frå Sande.

 

Ikkje tilstrekkjeleg

Både EU og Noreg har politiske vedtak om å kutte utsleppa med minst 20 prosent innan 2020 jamført med 1990-nivå.

 

USA og Canada har lova kutt på 17 prosent jamført med 2005-utsleppa, medan Russland, Japan og Australia har lova utsleppskutt av varierande storleik.

 

Kina på si side har sagt at landet vil redusere utsleppa per produserte eining med 40-45 prosent, og også andre store utviklingsland har lova å kutte utsleppsveksten i forhold til den noverande trenden.

 

Sjølv om alle landa skulle innfri desse lovnadane, er det likevel langt frå tilstrekkjeleg for å nå det vedtekne målet om å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader, ifølgje FNs utviklingsprogram UNEP.

 

Klimatoppmøtet skal etter planen avsluttast fredag, men tautrekkinga kjem truleg til å gå føre seg til lenge etter soloppgang laurdag.

 


(Nationen/NTB)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT