Norske mjølkeprodusentar kan produsere fritt ut kvoteåret etter at Landbruks- og matdepartementet måndag vedtok å fjerne overproduksjons-avgifta.
Ingen kvote
Avgjerda tyder at bøndene ikkje treng å ta omsyn til kvotene dei har på garden. Dei som alt har betalt overproduksjonsavgift vil få betalt attende pengane. Vedtaket kjem etter at butikkane i førjulstida har gått tomme for smør.
Les også: Tine hevder avgiftskutt på melk kan gi mer smør
Departementet hadde møte med Tine, Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag for å drøfte forslaget til Tine om fri mjølkeproduksjon fram til 1.mars.
- Nausynt
Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag, meiner tiltaket er heilt naudsynt.
- Tiltaket er naudsynt fordi mjølkemengda er mykje lågare enn prognosene, og fordi etterspurnaden har auka på feite produkt som smør. Me trur dette vil gi auka inntektsmoglegheiter for norske mjølkeprodusentar, seier han på Bondelaget sine heimesider.
Skorge meiner likevel tiltaket kjem for seint.
- Tine burde tatt opp saken på eit tidlegare tidspunkt, men me trur at fri produksjon, samt import av smør og at Tine vil frigi kapasitet til smørproduksjon, vil løyse situasjonen, seier han.












